Viktig melding til alle som sel tobakk

Alle som sel tobakk og tobakksurrogat, som for eksempel e-sigarettar, må registrere seg innan 31. desember 2017. Kun dei som er registrert i Tobakkssalsregisteret frå 1. januar 2018 kan lovleg selje tobakksvarer eller tobakkssurrogat.

Kommunen har ansvar for tilsyn med dette.

Tilsynet skal særlig omfatte aldersgrense for sal  og krav til internkontroll. Vi gjennomfører tilsynet ved behov, men skal kontrollere kvar plass minst éin gong årleg. Kommunen kan krevje ei tilsynsavgift – denne er ikkje fastsett enno for Lindås kommune.

Her registrerer du selskapet ditt

På helsedirektoratet sine sider kan du registrere selskapet ditt og lese meir om registreringsplikta.

Les forskrifta

Forskrift for registrering av og tilsyn med sal av tobakksvarer mv.

Web levert av CustomPublish