Tilskotsordning mot barnefattigdom

Målet med ordninga er å motverke eller dempe konsekvensane av fattigdom mellom barn og unge. Er dette noko for deg eller laget ditt? Søk om støtte innan 8. desember.

Frist for å søkje

Søknadsfristen for tilskotsåret 2018 er 8. desember 2017.

Kort om tilskotet

Målet med ordninga er å motverke og eller dempe konsekvensane av fattigdom mellom barn og unge. Tilskotsordninga er eit verkemiddel for å betre barn og unge sine moglegheiter til å delta på viktige sosiale arenaer, til dømes ferie- og fritidsaktivitetar - uavhengig av inntekta og den sosiale situasjonen til foreldra.

Kven kan søkje?

  • offentlege instansar
  • private aktørar
  • frivillige lag og organisasjonar

Kva kan du få støtte til?

Du kan søkje om støtte til tilak som:

  • bidrar til at barn og unge som er ramma av fattigdom og familiane deira kan delta på kultur- og fritidsaktivitetar
  • bidrar til at barn og unge som er ramma av fattigdom og familiane deira kan delta på ferieaktivitetar
  • bidrar til at barn og unge som er ramma av fattigdom kan delta på alternative meistringsarenaer

Slik søkjer du

Trykk her for å gå til søkjarportalen til Bufdir.

På sidene til Bufir finn du regelverk, rettleiar til oppdatert regelverk, meir informasjon om søknadsprosessen og årsplan for tildeling. 

Lurar du på noko?

Ta kontakt med vår lokale kontaktperson, Kari Sæle, rådgjevar for oppvekst.

Kari treff du på:

Web levert av CustomPublish