Tilskot til å utvikle eiga verksemd?

Lurar du på kva som skal til for å få tilslag på ein søknad om midlar frå næringsfondet for 2018? Møt næringssjefen på Dampen i Knarvik fredag 9. februar.

Er du ein:
  • Oppfinnar/gründar med forretningsidè med antatt marknadspotensiale?
  • Nyetablert verksemd med behov for utviklingsarbeid?
  • Eksisterande verksemd med behov for utviklingsarbeid?
  • Organisasjon/verksemd med eit klart samfunnsnyttig prosjekt?

Treng du økonomiske midlar til satsinga di?

Lindås kommune har sett av 2 millionar kroner for 2018 til Næringsfondet.
 
Søknadsfristen er 1 mars.
 
Lurar du på korleis du skal få støtte?
 
Næringssjef Øystein Sørhaug inviterer alle interesserte til ei orientering om næringsfondet.
 
Du vil få meir innsikt i:
  • Korleis fylle ut søknadsskjema
  • Kva vurderingar som ligg til grunn ved handsaming av søknad/prosjekt
  • Kva retningslinjer som ligg til grunn for næringsfondet og kva krav støttemottakarar må følgje opp
Orienteringa vil foregå på norsk.
 
Kvar og når er det orienteringsmøte?
 
Dampen, Hagellia 6 – Industriutvikling Vest sine lokaler
Fredag 9. februar
Klokka 12:00 – 13:00
 
Påmelding til oystein.sorhaug@lindas.kommune.no eller mobil/sms 909 81 040 innan 4 februar.
Web levert av CustomPublish