Ta omsyn til skuleborna!

Trafikkbiletet endrar seg dramatisk torsdag 17. august. Ver ekstra forsiktig når du køyrer til og frå oppdraga dine på jobb.

– Når skulane startar torsdag 17. august, skal mange hundre små barn ut på vegane i Lindås. Fleire av dei er små, og nokre skal kanskje krysse vegen utan mamma og pappa for første gong. Vi vil difor sterkt oppmode alle som sit bak rattet om å vere ekstra forsiktige denne dagen og dei neste dagane!

Oppmodinga kjem frå Gunn-Torhild Ramslien, representant for Trafikksikkerheitsutvalet til Nordhordland (TSU).

– Kommunen har mange bilar på vegen i løpet av ein dag. Oppmodinga går sjølvsagt til alle, men særskilt til dei som brukar bil til og frå oppdraga sine i jobb. Vis omsyn, seier Ramslien.

Web levert av CustomPublish