Stortingsval 2017

Måndag 11. september 2017 er det stortingsval i Noreg.

Når kan du førehandsrøyste?

Du kan du røyste i kva kommune du vil frå 10. august til 8. september. Du treng ikkje valkortet for å røyste, men hugs å ta med gyldig legitimasjon.

Her kan du førehandsrøyste:

  • Kundesenteret på rådhuset i Knarvik
    • Kvardagar frå klokka 08.00 til 15.30
  • Biblioteket i Knarvik
    • Måndagar frå klokka 11.00 til 15.00
    • Tysdagar og onsdagar frå klokka 11.00 til 19.00
    • Torsdagar frå klokka 14.00 til 19.00
    • Fredagar er det stengt
    • Laurdagar frå klokka 11.00 til 15.00
  • Biblioteket på Lindås
    • Måndagar frå klokka 14.00 til 19.00
    • Onsdagar frå klokka 13.00 til 16.00

Veljarar på helse- og sosialinstitusjonane i Lindås kommune kan også førehandsrøyste her:

  • Knarvik sjukeheim
    • Måndag 4. september frå klokka 10.30 til 12.00
  • Lindås bu- og servicesenter
    • Tysdag 5. september frå klokka 09.30 til 11.00
  • Ostertunet
    • Tysdag 5. september frå klokka 14.00 til 15.00

Er du sjuk eller ufør?

Veljarar som er sjuke eller uføre og difor ikkje kan røyste der vi har førehandsrøysting, kan søkje om å røyste heime. Fristen for å søkje er 5. september.

Slik søkjer du:

  • Send ein skriftleg søknad til valstyret i Lindås kommune, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø
  • Eller ta kontakt med kundesenteret på telefon 56 37 50 00 eller mobil 474 64 145 eller e-post postmottak@lindas.kommune.no

Skal du røyste på valdagen?

På valdagen 11. september er alle vallokala open frå 12.00 til 20.00. Du må røyste i den kommunen du står i manntalet til. Du er i manntalet til den kommunen du var folkeregistrert som busett i 30. juni 2017.

Det spelar ingen rolle kva krins du røyster i på sjølve valdagen, men du må røyste i Lindås kommune om det er her du står manntalsført.

Hugs at du må ha med valkort eller legitimasjon for å kunne røyste.

Her kan du røyste på valdagen:

  • Idrettsbygget Ostereidet
  • Kløvheim skule
  • Myking skule
  • Eikanger skule
  • Myksvoll grendahus (Feste krins)
  • Skodvin skule
  • Lindåshallen
  • Leiknes skule
  • Alversund skule
  • Seim skule
  • Knarvik barneskule

Manglar du valkort?

Alle veljarar skal ha fått valkort i posten. På valkortet finn du informasjon om opningstid og kva vallokale du skal bruke på sjølve valdagen.

Har du ikkje fått valkortet eller finn du det ikkje att? Slapp av! Du treng ikkje valkortet for å røyste. Pass berre på at du tar med gyldig legitimasjon.

Lurar du på noko?

Ta kontakt med kundesenteret vårt på 56 37 50 00 eller gå til www.valg.no for meir informasjon.

Web levert av CustomPublish