Status på saka di

Lurar du på kven som er sakshandsamar? Vil du laste ned dokumenta knytt til byggjesaka di?

Slik går du fram
  • Trykk her for å gå til innsynsløysinga vår
  • Skriv inn saksnummer eller gards- og bruksnummeret ditt under «Tittel»
  • Trykk på søk for å få opp saka di
  • Velg saka di ved å trykke på den aktuelle tittelen i søkjeresultatet
  • Her finn du saka med alle dokument og vedlegg
  • Dersom feltet for sakhandsamar er tomt, har ikkje saka di fått ein sakshandsamar enno
Finn du ikkje saka di?
  • Det går om lag tre dagar frå kommunen mottar dokument til dei blir tilgjengeleg i innsynsløysinga vår
  • Du får ikkje tilgang til dokument som er unntatt offentlegheit i den opne innsynsløysinga vår. Er du part i saka, kan du likevel be om å få tilsendt dokumenta. Ta kontakt med postmottak@lindas.kommune.no, vis til saka og be om å få innsyn i dokumenta.
Vil du snakke med sakshandsamaren din?

Har du fått tildelt ein sakshandsamar, kan du ta direkte kontakt kvardagar på e-post eller telefon.

Til deg som vil ringe:

Vis til namnet på sakshandsamaren din og saksnummeret ditt når du tar kontakt med kundesenteret på 56 37 50 00. Er sakshandsamaren din opptatt, kan du leggje att beskjed i kundesenteret og be om at sakshandsamar tar kontakt når han eller ho er ledig. Beskjeden må innehalde saksnummer, namn og telefonnummer og kort kva du lurar på.

Til deg som vil sende e-post:

Trykk på namnet til sakshandsamaren din i innsynsløysinga vår.

Treng du hjelp?

Trykk her for å lese om byggjesakshjelpa vår på rådhuset.

Web levert av CustomPublish