Søkje med hjelp frå fagfolk

Før du byggjer, river eller endrar noko på eigedomen din, sjekk om:

  1. du må søkje
  2. du kan søkje sjølv
  3. du må ha hjelp av fagfolk

Lurar du på kva som gjeld for deg? Trykk her for å gå til lista vår med aktuelle byggjetiltak.

Dersom du må søkje med hjelp frå fagfolk blir rollene i byggesaka di slik:

  • Du blir tiltakshavar, og er anten eigar eller har fullmakt frå eigar til å søkje om å byggje.
  • Fagfolk blir ansvarleg søkjar og må fylle ut og sende inn søknaden for deg. Trykk her for å lese meir om ansvarsrett.

Du må sjølv engasjere og inngå avtalar med fagpersonane og føretaka som skal ha ei rolle i saka di. På heimesida til Direktoratet for byggkvalitet finn du ei oversikt over føretak med sentral oversikt. Trykk her for å gå til denne oversikta.

Som regel må du søkje med hjelp frå fagfolk når du skal byggje eigen bustad eller fritidsbustad, men det finst eit unntak som gjer at du sjølv kan stå ansvarleg for arbeidet. Trykk her for å lese meir om kva som skal til for å vere sjølvbyggjar.

Treng du meir informasjon om dei ulike rollene i ei byggjesak? Trykk her for å gå til Oslo kommune sin rettleiar.

Web levert av CustomPublish