Skuleskyss

Det er fylkeskommunen har ansvar for skuleskyss til elevar i grunnskulen, men foreldre og elevar treng ikkje å forhalde seg til andre enn skulen sin. Det er rektor eller skyssansvarleg på kvar skule som bestiller skuleskyss til alle elevar i grunnskulen.

Kva type skuleskyss kan eleven få?

Elevar som har rett på fri skuleskyss får Skyss skulekort. Det er skulen som deler ut kortet.

Skyss skulekort gjeld:

  • For to reiser kvar skuledag
  • Mellom klokka 05.00 og 19.00
  • Ikkje i helger og feriar
  • For maksimalt 190 skuleagar

Desse elevane har rett til fri skuleskyss

  • Elevar i 1. klasse som har meir enn to kilometer til skulen
  • Elevar i 2. – 10. klasse som har meir enn fire kilometer til skulen
  • Elevar med særleg farleg eller vanskeleg skuleveg
  • Elevar med funksjonshemming og midlertidig skade eller sjukdom

Lengda på skulevegen vert målt i gåavstand frå døra heime til døra på skulen.

Elevar med funksjonshemming eller midlertidig skade eller sjukdom

Elevar med funksjonshemming eller midlertidig skade eller sjukdom kan få drosje i staden for buss. Er dette aktuelt for barnet ditt, må du dokumentere behovet med legeattest. Bruk skjemaet under og lever det til rektor på skulen.

Trykk her for å laste ned skjema for legeerklæring

Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg

Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg har rett til fri skuleskyss utan omsyn til veglengda. Elevar som har særlege behov eller vanskar for å greie seg i det vanlege trafikkbildet på skulevegen sin, kan også ha denne retten.
Dersom du meiner at skulevegen for barnet ditt er særleg farleg eller vanskeleg, kan du søkje kommunen om fri skuleskyss.  Søknaden sender du til skulen. Kommunen vurderer søknaden ut frå dei forholda på den aktuelle vegstrekninga, og ut frå dei føresetnadene eleven har.

Elevar som går i friskular

Elevar i friskular har rett til fri skuleskyss etter same reglane som elevar i grunnskulen.  Det er likevel viktig å vere merksam på at retten berre gjeld innanfor heimkommunen – eller til kommunegrensa.

Pris

Reisa er gratis for elevar med rett til fri skuleskyss.

Eigentransport

Foreldre som køyrer barn med rett til fri skuleskyss sjølv, kan ha krav på køyregodtgjerdsle. Bruk skjemaet under og lever det til rektor på skulen.

Trykk her for å laste ned refusjonsskjema.

Slik søkjer du

Det er skulen som søkjer Fylkeskommunen om skuleskyss.

Klage

Vedtak om fri skuleskyss er enkeltvedtak. Du kan klage på det endelege vedtaket til skulen. Vi har ikkje eit eige skjema for dette, så det er nok at du skriv eit brev og sender det til skulen.

Web levert av CustomPublish