skuleåret 2017/2018

SKULEHELSETENESTA

Helsesøster Susanne Rebnord har fast kontortid ved skulen kl. 08:30-14:00 (tidene kan variere) annankvar måndag i partalsveker.

Elevane er velkomne til samtale. Dersom foreldre/føresette ynskjer samtale, kan de ta kontakt med helsesøster direkte, via skulen eller helsestasjonen.

Mail: susanne.rebnord@lindas.kommune.no

Mob: 95099045

 

Alle skulane i Lindås kommune har ei fast helsesøster knytt til seg. Oppgåvene til helsesøster er å følgje opp elevane si psykososiale helse, i tillegg til å jobbe helsefremmande og sjukdomsførebyggjande. I tillegg skal ho vera ein ressursperson/rettleiar for foreldre/føresette og dei tilsette i arbeidet med elevane.

Helsesøster kallar inn enkeltelever etter behov, tidlegare funn eller avtalar.

Elevar og foreldre/føresette kan og sjølv kontakte helsesøster direkte på skulen, om det er noko dei ynskjer å ta opp.

I skulehelsetenesta ynskjer vi å ta tak i problema i ein tidleg fase, då dei gjerne er lettare å løyse då. For å få til dette, er vi avhengig av eit godt samarbeid med foreldra og med skulen.

Helsesøster har og eit nært samarbeid med anna fagpersonell innan helsesektoren. Ved å ta kontakt med helsesøster, kan ein såleis i skuletida få hjelp og rettleiing på ein effektiv og rask måte.

 

   Arbeidsoppgåvene i skulehelsetenesta

Førskule :

Helseundersøking

 

Elevane får time på helsestasjonen saman med foreldre, til vaksinering, samtale og måling av høgde/vekt, syn og hørsel.

 

1.klasse:

Zippy -time

Helsesøster er med på ein del av Zippytimane, i samarbeid med lærer. Mål: 1g. pr. modul.

 

2.klasse:

Vaksine

 

Vaksinen vert gitt i skuletida

(info kjem i eige skriv)

3. klasse:

Undervisning.

Høge og vekt .

Foreldremøte

 

Helsesøster kjem inn i klassen. Vi snakkar om kost, søvn, aktivitet, tv/data, påkledning, hygiene, kjensler og vennskap. Varighet ca. ein skuletime.

Høgde /vekt på alle elevar blir utført på skulen (info i eige skriv).

 

5.klasse:

Helseprat  i klassen

 

Vi har fokus på psykisk helse, kjensler og vennskap.

 Varighet ca. ein skuletime.

6. klasse:

Pubertetsundervisning

 

 

MMR-vaksine

 

Helsesøster har ein grundigare gjennomgang av tema pubertet. Felles i klassen eller i grupper. Varighet ca. to skuletimar.

 

Vaksine på skulen (info kjem i eige skriv)

 

7. klasse:

Jenteprat og gutteprat

 

HPV- vaksine, (2 dosar)

Jenteprat og gutteprat om psykisk endringar i puberteten, og om vennskap, sosialt miljø.

 

Vaksine på skulen (info kjem i eige skriv)

 

Individuelle samtaler/

Open dør

Helsesøster har enkeltsamtaler med elever etter behov. Dette kan bli satt opp på faste dagar i klassane, og/eller innimellom det andre programmet. Lærer kan ta kontakt, etter samtykke frå foreldre, som ynskjer dette. Foreldre eller eleven sjølve kan også ta direkte kontakt med helsesøster.

 

 

Web levert av CustomPublish