Skulefritidsordning

Skulefridtidsordning (SFO) er eit tilbod til skuleelevar i grunnskulen.  

Kven er tilbodet for?

  • Elevar i 1.-4. klasse
  • Barn med særlege behov i 1.-7. klasse

Kva får du?

Formålet med SFO er å gi elevane eit trygt tilsyn før og etter den obligatoriske skuledagen. Vi legg vekt på omsorg, leik, kulturaktivitetar og sosial læring. Barna får ta ansvar for kvarandre og felles oppgåver. SFO skal stimulere barn til å bruke og utvikle evner og anlegg og i samabreid med heim og skule, gi dei eit godt gurnnlag til å bli sjølvstendige, tolerante og skapande menneske.

  • Eit tilbod på skulen før og etter skuletid
  • Eit tilbod på skulen i nokre av skulen sine feriar
  • Du vel sjølv kor mange timar du ønskjer kvar veke. Skulane har ulike tilbod. Ta kontakt med skulen din for å høyre kva opningstider SFO har, og kva timetal du kan søkje på.

Kva skular har tilbod og når?

SFO-tilbod i 11 månader i året:

  • Alversund barneskule
  • Knarvik barneskule
  • Leiknes skule
  • Seim skule

SFO-tilbod 190 dagar i året:

  • Eikanger skule
  • Kløvheim skule
  • Myking skule
  • Ostereidet barneskule

I feriar kan du få plass på ein av skulane med tilbod 11 månader i året.

Kva kostar det?

Tilbod som følgjer skuleruta  
6 til 9,5 timar i veka 1507 kroner
10 til 14 timer i veka 2108 kroner
Over 15 timer i veka 2729 kroner
Heilårstilbod  
6 til 9,5 timar i veka 1717 kroner
10 til 14 timer i veka 2300 kroner
Over 15 timer i veka 2889 kroner
Dagsats  
Sats 180 kroner
Ekstratimar  
Fast tilmelde 38 kroner
Andre 62 kroner
Gebyr ved for sein henting  
Sats 250 kroner
Søskenmoderasjon  
Barn nummer 2 30 prosent
Barn nummer 3 og fleire 50 prosent

 

Søskenmoderasjon gjeld berre for fast månadsbetaling. Søsken må bu saman fast og ha same bustadasdresse i kommunen for å få innvilga søskenmoderasjon. Vi definerer søsken som heilsøsken, halvsøsken og stesøsken.

Dagsats gjeld for tilfeldige heile dagar for fast tilmelde og andre. Dagsatsen gjeld for heile året, også onsdagar, men skal ikkje vere ei fast ordning.

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 1. mai. Alle som søkjer innan fristen skal ha plass på SFO.

Søkjer du etter søknadsfristen, kjem du på ei venteliste. 

Slik søkjer du

  • Du får informasjon og søknadsskjema på skulen ved innskriving eller ved å ta kontakt med skulen din
  • Ta kontakt med skuleleiinga på den aktuelle skulen om du er ny i kommunen

Slik seier du opp plassen

Barn som har fått SFO-plass er påmelde til dei sluttar i 4. klasse, eller til dei seier opp plassen skriftleg. Oppseiingsfristen til neste skuleår er 1. mai.

Dersom du seier opp elles i året, er oppseiingsfristen ein månad rekna frå den 1. i månaden etter at vi har tatt imot oppseiinga. Den skriftlege oppseiinga sender du til skulen din. Vi har ikkje eit eige skjema til oppseiing av SFO-plass. Oppseiinga må vera datert, innehalda barnet sitt namn og underskrift.

Barn som flyttar internt i kommunen, og som har plass i SFO, skal få tilbod om plass på SFO ved den skulen dei flyttar til.

Kva seier lova?

Les meir

Trykk her for å laste ned Lindås kommune sine vedtekter for SFO 

Web levert av CustomPublish