Skal du gifte deg i 2018?

1. januar 2018 overtar vi myndet til borgarleg vigsel i Lindås kommune.

Tidlegare var det domstolane i Noreg som gjennomførte borgarlege vigslar. Ved årsskiftet overtar kommunane dette ansvaret.

Før du tar kontakt med kommunen

Før de giftar dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller krava til ekteskap.

Trykk her for å gå til Skatteetaten sin rettleiar for vegen til ekteskapet.

På heimesida til Skatteetaten kan de fylle ut dei skjema som skal til for at Skatteetaten kan sende ein såkalla «prøvingsattest» i retur til dykk.

Det er viktig å merke seg at:

  • Prøvingsattesten er gyldig i fire månader og må vere gyldig den dagen de skal gifte dykk.
  • De må sende den orginale prøvingsattesten til oss, ikkje ein kopi.
  • Prøvingsattesten sender de til Lindås kommune, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø. Merk brevet med «vigsel». De kan også levere attesten på kundesenteret vårt i rådhuset i Knarvik.
Slik bestiller du tid

Når vi har fått den gyldige prøvingsattesten, kan de avtale tid for vigsel med oss.

Ønska tid sender de på e-post til vigsel@lindas.kommune.no.

  • Sett opp alternative datoar, i tilfelle vi ikkje klarar å møte førstevalet.
  • Vi sender deg et samtykkebrev når tida for vigsel er bestilt.

Vi vil opne for vigslar alle dagar i veka.

Kvar og når skjer seremonien?

Vi har vigslar i formannskapssalen på rådhuset i Knarvik torsdagar og fredagar.

I tillegg er vi opne for vigslar på Håkonshaugen på Seim. Vi vil også vurdere andre ønske.

Kva kostar det?

Det kostar ingenting å gifte seg på rådhuset eller Håkonshaugen. 

Kven står for vigselen?

Våre godkjente vigslarar er:

  • Ordførar Astrid Aarhus Byrknes
  • Varaordførar Nina Bognøy
  • Kommunstyremedlem Bjarte Vatnøy
  • Rådmann Ørjan Raknes Forthun
  • Kommuneadvokat Eirik Schütz
  • Kultursjef Øyvind Stang
Web levert av CustomPublish