Vi inviterer til innskriving av elevar som startar på skulen hausten 2017 i veke 5 og 6.

Vi inviterer til innskriving av elevar som startar på skulen hausten 2017 i veke 5 og 6.

Innskriving på skulen i veke 5 og 6

Har du ei jente eller ein gut som skal starte i 1. klasse hausten 2018? Vi inviterer til innskriving i veke 5 og veke 6. Har du ikkje fått invitasjon?  Les meir for å sjå kven du skal ta kontakt med.

Om innskrivinga i 2018

For elevar som skal byrja i 1. klasse i grunnskulen i Lindås kommune hausten 2018, er det innskriving på skulane i veke 5 og 6.

Alle 6-åringar i kommunen, får skriftleg melding om tid og stad for innskriving på ein av skulane i Lindås kommune.  

Saknar du invitasjon til innskrivinga? Ta kontakt med rektor på nærskulen din.

Har du flytta til kommunen eller flytta til ein annan stad i kommunen etter 1. november, må du ta kontakt med den næraste skulen for å sjekke om vi har registrert barnet ditt på rett skule.

Har du spørsmål i samband med innskrivinga og kva krins elevane høyrer til, kan du ta kontakt med skulen eller:

  • Ragna Midtbø,einingsleiar
  • Telefon: 56 37 52 49.

Om alternativ skulestart

Føresette kan søkje om tidleg eller utsett skulestart. Skal barnet ditt starte tidlegare eller seinare på skulen, må du søkje skulen om dette. Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) gjer ei vurdering av barnet og gir råd til rådmannen som tar den endelege avgjerda.

Om nærskuleprinsippet

Lindås kommune har ikkje fritt skuleval. Nærskuleprinsippet gir likevel elevar rett til å gå på den næraste skulen. I vurderinga av kva som er næraste skule ligg både geografiske og trafikale tilhøve. Det er Opplæringslova §8-1 som regulerer dette.

Meir informasjon

Du finn meir informasjon skulestart, skulekrinsar og nærskuleprinsippet på heimesida vår. 

Trykk her for å lese meir om skulestart og skulekrinsar i Lindås kommune.

Web levert av CustomPublish