Seniorsenteret

Seniorsenteret et eit aktivitetstilbod og ein møteplass for alle seniorar i Lindås kommune. Vi har tre seniorsenter i kommunen. Les meir om tilbodet og aktivitetane her.

Seniorsenteret er ei eiga avdeling i sjukeheimstenesta vår. Vi legg til rette for ei rekkje aktivitetar - til dømes helsetrim, bingo, song og musikk, seniordans, seniortreff, foredrag, senioruniversitet, data- og mobilkurs, festar og turar.

Vi har tre seniorsenter: Knarvik, Lindås og Ostereidet.

Månadsprogram

Trykk her for å laste ned seniorsenteret sitt program for oktober 2017

Seniorsenteret i Knarvik

  • Kvar? Vi held til i Knarvik sjukeheim. Her kan du kjøpe middag og dessert eller berre ta ein kopp kaffi.
  • Når? Vi har ope måndag, onsdag og fredag mellom klokka 10.00 og 15.00.
  • Middag? Ønskjer du middag tysdag eller torsdag må du bestille mat dagen før. Ring kjøkkenet på telefon 56 37 57 10 eller seniorsenteret på telefon 56 37 57 18.
  • Frivillig? Vi treng fleire seniorar og frivillige. Ta gjerne kontakt, om du ønskjer å bidra.
  • Kva skjer? I Galleri Utstyn skiftar vi utstiling kvar månad. Aktivitetane startar klokka 12.00 kvar dag. For meir informasjon om programmet, last ned månadsplanen over.
  • Kontakt oss! Telefonnummeret til Knarvik seniorsenter er 56 37 57 18

Seniorsenteret på Lindås

  • Kvar? Vi held til i lokala til Lindås bu- og servicesenter.
  • Når? Seniorsenteret har ope kvar tirsdag frå 10.00 til 12.30.
  • Kva skjer? For meir informasjon om programmet, last ned månadsplanen over.
  • Kontakt oss! Lurar du på noko? Ta kontakt med Kristin på telefon 56 37 56 13.

Seniorsenteret på Ostereidet

  • Kvar? Vi held til i lokala til Ostertunet.
  • Når? Seniorsenteret har ope kvar tysdag frå 10.00 til 14.00.
  • Middag? Vi har kafe med middagsservering. Ønskjer du middag må du bestille mat dagen før. Ring kjøkkenet på telefon 56 37 57 10 eller seniorsenteret på telefon 56 37 57 18.
  • Kva skjer? Kom innom for ein kopp kaffi, ein prat og aktiviteter. For meir informasjon om programmet, last ned månadsplanen over.

Kontaktperson for tilbodet:
Aud Furdal, avdelingsleiar
Telefon: 56 37 57 18
E-post: Aud.furdal@lindas.kommune.no

Web levert av CustomPublish