Les i den nye samfunnsdelen vår!

Vær så god, planen er din.

Bilete av framsida til kommuneplanen sin samfunnsdel.

Kommunestyret vedtok kommuneplanen sin samfunnsdel 21. september 2017.

Trykk her for å laste ned og bla i den Kommuneplanen sin samfunnsdel 2017-2029.

Kva er ein samfunnsdel?

Kommuneplanen er eit overordna, strategisk styringsdokument og inneheld mål og strategiar for utviklinga til kommunen. Planen gjeld for heile kommunen.

Kommuneplanen er todelt, og består av ein samfunnsdel og ein arealdel. No er vi altså ferdige med samfunnsdelen. Samfunnsdelen gir føringar og prioriteringar til arbeidet med arealdelen.

Arbeidet med arealdelen starta hausten 2017, og skal etter planen vere i mål sommaren 2019. Har du innspel til arealdelen? Følg med på heimesida.

Korleis lese samfunnsdelen?

Planen er viktig for politikarar og tilsette i Lindås kommune, men det er like viktig at innbyggjarar og næringsliv forstår og brukar planen aktivt. Dette er alle sin plan!

Du kan sjølvsagt lese planen frå A til Å, men det er enklare å bruke planen som eit oppslagsverk. Kva er du opptatt av? Gå til måla og strategiane i kapittel fire, og  les om tema som er aktuelle for deg.

Planen skildrar åtte hovudtema:

  • Regionsenterutvikling
  • Industri og næring
  • Attraktive nærmiljø
  • Kultur og frivillig arbeid
  • Klima og miljø
  • Livsmeistring og fellesskap
  • Kommunale tenester
  • Samfunnstryggleik og beredskap

Innspela dine lever vidare

Responsen på arbeidet med samfunnsdelen har vore heilt overveldande! Fleire hundre innbyggjarar, aktørar og tilsette i kommunen har deltatt.

Vi samla alle innspela i ni rapportar. Dette er ei skattekiste, som vi kjem til å bruke i anna planarbeid. Du må gjerne bruke innspela også.

  1. Melding frå ungdomane
  2. Melding frå folket
  3. Melding frå barn
  4. Melding frå gjesteboda
  5. Lag og organisasjonar
  6. Tenketank for framtida
  7. Administrasjonen
  8. Politiske råd og utval
  9. Melding frå HTV

Har du spørsmål?

Ta kontakt med prosjektleiar, Line Thuen Waage.

Web levert av CustomPublish