Personvern og GDPR

Kva er nytt ?

Frå juli 2018 gjeld EU sin nye personvernforordning (GDPR) også i Norge. Dette gir deg som  innbyggjar nokre utvida rettar knytt til personvern.

Med GDPR får vi som kommune berre lov å handsame dine personopplysningar om:

  • det er krav om det i lov eller forskrift
  • kommunen skal sikre ei rett du har
  • du har gitt klart samtykke til det
Kva betyr dette for deg ?

Når kommunen handsamar personopplysningar om deg, skal du alltid få vite kva opplysningar som vert handsama, kva dei skal brukast til, og når opplysningane vert sletta. Med den nye personvernforordninga har du rett til:

  • at dine personopplysningar berre vert handsama for det formålet dei vart innsamla for
  • å få innsyn i kva personopplysningar som vert handsama om deg og om ynskjeleg få kopi av desse utlevert på papir eller digitalt.
  • å få korrigert opplysningar som ikkje er korrekt
  • å krevje at vi slettar opplysningar (gjeld ikkje opplysningar som kommunen etter lov plikter å behalde)
  • å protestere mot handsaminga av personopplysningar (til dømes om formål eller vilkår ikkje lenger gjeld)
  • å få tilgang til personopplysningane dine på eit strukturert, maskinlesbart og brukbart format. Denne retten er omtala som dataportabilitet i GDPR, men den gjeld berre når:
    • når behandlinga ikkje har rettsleg grunnlag
    • når utlevering er teknisk mogleg
    • for opplysningar du sjølv har gitt til kommunen gjennom samtykke eller kontrakt
    • for personopplysningar som vert behandla elektronisk

Meir informasjon om dei nye rettane dine finn du på nettsidene til Datatilsynet.

Korleis ber du om innsyn, retting eller sletting ?

Ønskjer du å vite kva personopplysningar vi har lagra om deg, eller vil be om at vi rettar eller slettar opplysningar?

Møt opp på kundesenteret på rådhuset i Knarvik. Hugs å ta med legitimasjon.

Vi skal normalt handsame søknaden din innan 30 dagar.

Besøksadresse:

Lindås kommune
Kvernhusmyrane 42
5914 Isdalstø

Kven er ansvarleg  for handsaminga?

I Lindås kommune er det rådmannen som er behandlingsansvarleg og difor har det øvste ansvaret for personvernet.

Rådmann i Lindås kommune er Ørjan Raknes Forthun.

Kven kan du kontakte for meir informasjon eller for å klage ?

GDPR krev at alle verksemder har eit personvernombod. Ombodet skal hjelpe kommunen å følgje regelverket, og er kontaktperson for deg som ønskjer meir informasjon om dine rettar

Lindås kommune sitt personvernombod er Lars Erling Aarland.

Om du, etter dialog med kommune og/eller personvernombod, meiner at kommunen ikkje handsamar opplysningane dine i samsvar med personopplysningslova, kan du klage til Datatilsynet.

Trykk her for å gå til Datatilsynet sin side om korleis du kan klage.

Web levert av CustomPublish