Oppstart av kommunedelplan for Knarvik-Alversund med Alverstraumen, utvida høyringsfrist.

I medhald av plan- og bygningslova § 11-12 vert fristen for å komme med innspel til planarbeidet for kommunedelplan Knarvik-Alversund med Alverstraumen utvida.

Planarbeidet omfattar revisjon av kommunedelplan for Knarvik- Alversund og kommunedelplan for Alverstraumen. Dei to kommunedelplanane vert slått saman til eitt planområde. Planområdet er utvida mot nord med området frå Kvamme til Ytre Fosse, Erstadfjellet, deler av Isdalsfjellet og Indregardsfjellet.

Skjermbilde.PNG

Hovudmål med planarbeidet er å leggje til rette for venta vekst i folketalet i regionsenteret med omland og førebu kommunesamanslåing. Det er dei overordna strukturane som vil ha hovudfokus. Viktige tema er regionsenterutvikling, samordna areal- og transportplanlegging, bustad, næring, landbruk, natur og friluftsliv, kulturarv, miljø og tilpassing til endra klima. Det skal leggjast til rette for å styrkje forbindelsane for gåande og syklande og sikra tilstrekkeleg areal til  friluftsliv og rekreasjon i nærleiken av der folk bur. 

Me inviterer til opne kontordagar for spørsmål og innspel til  planarbeidet. 

Stad:     Byggesaksvakta i 1. etasje på Rådhuset i Knarvik

Tid:        21. februar kl. 9:00 -15:00

5. mars kl. 9:00 – 15:00

Lenke til planprogram finn du nederst på sida.

Plandokumenta ligg også for gjennomsyn i ekspedisjonen på Lindås rådhus.

 

Frist for å komma med innspel til planarbeidet er 9.mars 2018.

 

Innspela skal vere skriftleg og sendast til:

E-post: postmottak@lindas.kommune.no ​

Via elektronisk skjema på heimesida

Eller pr post til: Lindås kommune, Postmottak, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø

Merk innspel med «Kommunedelplan Knarvik-Alversund med Alverstraumen, innspel til planarbeidet» og saksnummer 2015/2147.

 

Knarvik - Alversund med Alverstraumen_planprogram_vedtatt.pdf

 

Web levert av CustomPublish