No kan du førehandsrøyste

Er du ikkje heime på valdagen 11. september? Bruk moglegheita til å førehandsrøyste på rådhuset eller biblioteka i Knarvik og på Lindås. Vi har også førehandsrøysting på instituasjonane våre, og kan komme heim til deg som er sjuk eller ufør.

Du kan du røystei kva kommune du vil frå 10. august til 8. september. Du treng ikkje valkortet for å røyste, men hugs å ta med gyldig legitimasjon.

Her kan du førehandsrøyste:

  • Kundesenteret på rådhuset i Knarvik
    • Kvardagar frå klokka 08.00 til 15.30
  • Biblioteket i Knarvik
    • Måndagar frå klokka 11.00 til 15.00
    • Tysdagar og onsdagar frå klokka 11.00 til 19.00
    • Torsdagar frå klokka 14.00 til 19.00
    • Fredagar er det stengt
    • Laurdagar frå klokka 11.00 til 15.00
  • Biblioteket på Lindås
    • Måndagar frå klokka 14.00 til 19.00
    • Onsdagar frå klokka 13.00 til 16.00

Veljarar på helse- og sosialinstitusjonane i Lindås kommune kan også førehandsrøyste her:

  • Knarvik sjukeheim
    • Måndag 4. september frå klokka 10.30 til 12.00
  • Lindås bu- og servicesenter
    • Tysdag 5. september frå klokka 09.30 til 11.00
  • Ostertunet
    • Tysdag 5. september frå klokka 14.00 til 15.00

Er du sjuk eller ufør?

Veljarar som er sjuke eller uføre og difor ikkje kan røyste der vi har førehandsrøysting, kan søkje om å røyste heime. Fristen for å søkje er 5. september.

Slik søkjer du:

  • Send ein skriftleg søknad til valstyret i Lindås kommune, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø
  • Eller ta kontakt med kundesenteret på telefon 56 37 50 00 eller mobil 474 64 145 eller e-post postmottak@lindas.kommune.no

 

Trykk her for å lese meir om Stortingsvalet 2017 her på heimesida vår.

Web levert av CustomPublish