Næringsfondet i Lindås

Næringsfondet i Lindås er eit verkemiddel for å fremje og styrke næringslivet i kommunen.

Vi støttar tiltak som går til bedriftsutvikling og bedriftsetablering og kommunen sitt eige arbeid med næringsutvikling.

Vi prioriterer særleg:

  • Utviklingstiltak i nye/eksisterande bedrifter som kan føra til økt sysselsetting
  • Flytte- og omlokaliseringstilskott (for verksemder som etablerer seg i kommunen)
  • Prosjekt med klar samfunnsnytte, relevans og aktualitet

Trykk her for å laste ned og lese retningslinene og sjå kva kriterer vi vurderer søknaden din etter.

Søknadsfrist

Vi har to søknadsfristar i året: 1. mars og 1. oktober. 

Stønadsform

  • Næringsfondet gir berre tilskott, ikkje lån.
  • Vi gir først og fremst støtte til utviklingstiltak, men kan i enkelte tilfelle vurdere å gi støtte til drift.

Slik søkjer du

Trykk her for å gå til det elektroniske søknadsskjemaet vårt.

Ønskjer du å diskutere om prosjektet ditt kan passe inn i retningslinene til næringsfondet? Ta kontakt med næringssjef Øystein Sørhaug på oystein.sorhaug@lindas.kommune.no

Kva skjer vidare?

  • Søkjer du prosjektstøtte på inntil 50.000 kroner, kan administrasjonen handsame søknaden din.
  • Søkjer du prosjektstøtte på over 50.000 kroner skal politikarane ta stilling til søknaden.

Utbetaling av tilskott?

Har du fått innvilga støtte og har spørsmål om utbetalinga?

Ta kontakt med Jorunn Fosse på jkf@lindas.kommune.no

Web levert av CustomPublish