Breibandutbygging langs Osterfjorden

Fekk du ikkje med deg informasjonsmøtet til Telenor måndag 19. feburar? Her kan du lese kva som skjer framover - og kva du må gjere, om du ønskjer å kople deg på.

På informasjonsmøtet måndag  19. februar fekk dei frammøtte informasjon om breiband og tenester levert av Telenor.  Installering i bustadene til dei som teiknar abonnement startar opp midt i september.  Alt skal vere på plass hos alle abonnentar innan årsskiftet.

Telenor sine salsrepresentantar går rundt til bustader som inngår i utbygginga deira, slik at alle kan få informasjon og høve til å teikne abonnement på fiber-breiband. Etter planen skal dei gjere dette denne og neste veke (veke 9 og 10). Om du ikkje er til stades eller av andre årsakar må ta kontakt for å teikne abonnement,  kan du ringe salsleiar direkte på mobil 986 83 456.

Kva skjer framover?

Du kan lese meir om korleis utbygging skjer og følgje framdrifta på Canal Digital sine nettsider. 

Trykk her for å gå til Canal Digital.

Spørsål til kommunen?

Spørsmål til kommunen kan sendast til kommunen sin prosjektleiar Ole Jakob Aarland

Kva område får breiband no?

Utbygginga til Telenor skal skje i delar av Alversund, Leknes-Hjelmås, Eikangervåg, Eidsnes, Eknes, Totland, Ostereidet-Stranda og Bjørsvik. Sjå kart for kva område som blir bygd ut. Dei blå felta er Telefon sitt utbyggingsområde.

 

Område

Husstandar

Kven skal byggje ut?

Knarvik (bygd ved Mongstad)

32

Bergen Fiber

Hope

55

Bergen Fiber

Risa

163

Bergen Fiber

Fanebust

86

Bergen Fiber

Vabø

96

Bergen Fiber

Lindås sør – Haukås

67

Bergen Fiber

Skodvin – Skauge

91

NetStar

Natås

17

Bergen Fiber

Sæveråsvåg

33

Bergen Fiber

Hodneland

60

Bergen Fiber

Lygra

38

NetStar

Myksvoll

50

NetStar

Seimsfjorden aust

69

NetStar

Seimsfjorden vest (Monstad)

53

NetStar

Alversund

32

Telenor

Bjørsvik

46

Telenor

Ostereidet – Stranda

263

Telenor

Eidsnes – Totland

107

Telenor

Eikangervåg

148

Telenor

Hjelmås - Leknes

205

Telenor

Web levert av CustomPublish