Livsstilsendring- meistring av eiga helse

For deg som har eller står i fare for å utvikle livsstilssjukdom som til dømes diabetes type 2, overvekt, hjarte-/karsjukdom.

Kurset vert leia av helsepersonell og brukarrepresentant.

Tema vert smart mat for betre helse, aktivitet, gode verktøy for å lukkast med endring av livsstil og leve godt med eigne helseutfordringar.  Teoridel, mat og  lett aktivitet  kvar kurskveld.

Når og kvar?

Dette er eit interkommunalt tilbod over tre månader, på følgjande datoar:

  • Torsdag  22.02.18
  • Onsdag 28.02.18
  • Torsdag 15.03.18
  • Onsdag 11.04.18
  • Onsdag 25.04.18
  • Onsdag 30.05.18

Kurstida er frå 17.00 til 20.00 alle dagane.

Kursstad er Nordhordlandshallen i Knarvik.

Slik melder du deg på

Påmelding innan 9. februar 2018

  • På e-post :  post.lms@sing.no

  • Eller SMS/RING : 40910488 mellom kl 0930-1330,

Kva kostar det?

Kursavgift 500 kroner 

Dette inkluderer mat, kaffi/te og kursmateriell.

Fastlegen din har fått informasjon og kan også  tilvise deg .

Web levert av CustomPublish