Lese av vassmålaren din

Kven gjeld dette?

Denne informasjonen gjeld berre dei som har fått brev frå kommunen.

Veldig få privatpersonar har eigen vassmålar. Dei som må gjere ein jobb og melde inn vassforbruket sitt er bedrifter, lag og organisasjonar og bønder. 

Slik les du av vassmålaren din

Trykk her for å gå til programmet der du kan lese av vassmålaren din.

Telleverket på målaren din har åtte siffer – fem svarte og tre raude. Du skal berre lese av dei første (svarte) fem siffera.

Har vassmålaren din berre fire kvite felt? Då startar du avlesinga med 0 framfor dei fire neste siffera.

Web levert av CustomPublish