Kva gjeld for din eigedom?

Rettleiar til kommuneplanen sin arealdel der du kan gå inn og finne status for kva føremål din eigedom er sett av til.

Vi jobbar no med å rullere kommuneplanen sin arealdel og fram til høyringsfristen 14. september 2018, kan ein kome med konkrete arealinnspel til planarbeidet. For informasjon om innspel til planarbeidet, sjå https://www.lindas.kommune.no/har-du-innspel-til-kommuneplanen.6126676-298404.html.

Pågåande rullering av kommuneplanen sin arealdel gjev endringar i plankart og føresegner. Endringane baserar seg på innspel til planarbeidet. Det kan kome endringar i arealføremåla for ein eigedom eller område, sjølv om eigar ikkje har gjeve innspel til planarbeidet.

Kva gjeld for din eigedom i dag? Arealdelen til kommuneplanen (vedtatt 22. september 2011) sett rammer for kva ein kan tillate av tiltak. Arealplankartet viser kva arealføremål som gjeld og føresegnene skildrar nærare kva tiltak som kan gjennomførast.

Arealplankartet

Føresegnene til kommuneplanen

 

www.nordhordlandkart.no, kan du finne ut kva arealføremål som gjeld for din eigedom. Sjå boks under for tips til korleis du kan gå fram. Viss du får problem med å finne fram, ta kontakt med oss, sjå kontaktinformasjon under.

P 4EbBs 8OWX 1LAAAAAElFTkSuQmCCAA==

 

Utval av arealplanføremål

Her følgjer ei kortfatta skildring av nokre av planføremåla i kommuneplan. Dei skildrar korleis ulike areal kan nyttast og kva tiltak som kan gjennomførast. I tillegg kan andre rammer være gjeldande, som til dømes byggjegrense mot sjø og veg.

Ønskjer du informasjon om din eigedom eller rettleiing før innsending av innspel? Ta kontakt med prosjektleiar Marte Hagen Eriksrud på e-post marte.hagen.eriksrud@lindas.kommune.no (ferie frå 9. juli til og med 3. august), plan@lindas.kommune.no eller ring kundesenteret på 56 37 50 00.

 

Byggeområde (Bygg og anlegg)

AREALFØREMÅL

FORKLARING

Bustadområde

Heilårsbustader med tilhøyrande anlegg.

Fritidsbusetnad

Fritidsbustader med tilhøyrande anlegg.

Andre typar bygingar og anlegg - naust

Uthus i strandsona som vert nytta til oppbevaring av reiskapar, utstyr, småbåtar og anna. Naust skal ikkje vere innreia eller brukt til varig opphald som bustad eller fritidsbustad.

Bustadområde

Viss eigedomen din ligg i gult område, bustadområde, i gjeldande kommuneplan, opnar planen opp for tiltak innanfor bustad, som til dømes uthus, garasje, vegar og parkering. Føresegnene i planen styrar kva som kan byggast, slik at desse må sjåast igjennom før ein starter planlegging av endring/oppføring av ny bustad/gjennomføring av tiltak på eksisterande bygde eigedommar. I gjeldande kommuneplan gjeld eit generelt krav til utarbeiding av reguleringsplan for gule områder.

Område for fritidsbustader

For eigedomar som ligg i område for fritidsbustader, i gjeldande kommuneplan, opnar planen opp for oppføring av fritidsbustad med tilhøyrande tiltak, som til dømes uthus, garasje, vegar og parkering. Føresegnene i planen styrar kva som kan byggast ut, slik at desse må sjåast igjennom før ein starter planlegging av endring/oppføring av ny fritidsbustad/gjennomføring av tiltak. Naust og flytebrygge er ikkje ein del av føremålet. I gjeldande kommuneplan gjeld eit generelt krav til utarbeiding av reguleringsplan for område for fritidsbustad.

Naust

For areal avsatt til naust, er det viktig å sjekke føresegnene og plankart, for å sjå om det er opna opp for nye naust utan krav til reguleringsplan, og om status for byggegrense mot sjø. Føringane i kommuneplanen gjeld og om ein vil erstatte eit naust som er rivd/falt ned, eller om ein ønskjer å erstatte eit eksisterande naust med eit nytt.

 

Landbruk-, natur- og friluftsområde

Viss eigedomen din ligg i LNF-område er det tillatt med nødvendige tiltak for landbruk og gardsbasert næringsverksemd basert på garden sitt ressursgrunnlag. Det betyr at bygde eigedomar utan landbruksdrift, i utgangspunktet ikkje kan gjere tiltak på eigedommen.

Dette kan ha konsekvensar for nybygg eller endring av eksisterande bygg, som ikkje er i samsvar med arealføremålet. Tiltak som ikkje er knytt til landbruksproduksjon eller gardsbasert næringsverksemd vil etter gjeldande kommuneplan krevje dispensasjon.

I gjeldande kommuneplan er det det 4 underføremål – sjå tabell under.  

AREALFØREMÅL

FORKLARING

Spreidd bustadbygging

Spreidd bustadbygging med tilhøyrande teknisk anlegg, garasje, uthus, vegar og parkering. Det er definert kva ta bustader som kan byggjast ut i planperioden for kvart enkelt område.

Spreidd næring

Spreidd næringsbygging med tilhøyrande tekniske anlegg, vegar og parkering. Kommuneplanen legg føringar for kva type verksemd som er tillatt innanfor det enkelte område.

Spreidd fritidsbusetnad

Spreidd fritidsbusetnad med tilhøyrande teknisk anlegg, garasje, uthus, vegar og parkering.

Spreidd naustbygging

Spreidd naustutbygging med føringar for tal på nye naust innanfor det enkelte område.

 

Web levert av CustomPublish