Kurs i livsstilsendring og meistring av eiga helse

Dette er eit godt tilbod til deg som har eller står i fare for å utvikla livsstilssjukdom som til dømes diabetes type 2, overvekt, hjarte-/karsjukdom.

Det er no klart for eit nytt kurs i livsstilsendring og meistring av eiga helse. Dette er eit interkommunalt tilbod over 3 månader. Kurset er lagt til Nordhordlandshallen.
Det er følgjande kursdatoar: 27. september, 4. oktober, 17. oktober, 7. november, 29. november og 6. desember
Tid:  17.00 til 19.30

Kurset vert leia av helsepersonell og brukarrepresentant.
Tema vert smart mat for betre helse, aktivitet, gode verktøy for å lukkast med endring av livsstil og leva godt med eigne helseutfordringar. Kvar kursdag  er lagt opp med teoridel, mat og og lett aktivitet.

Påmelding: innan 6. september 2017
På e-post :  post.lms@sing.no
Eller SMS/RING : 40910488 mellom kl 0930-1330,

Kursavgift kr 500,- Dette inkluderar mat, kaffi/te og kursmateriell.
Fastlegen din har fått informasjon og kan også tilvisa deg.

Web levert av CustomPublish