Vassforsyning

Kokevarsel

Oppstår det uønska hendingar, som førar til ureining av drikkevatnet ditt, vil Alver kommune sende kokevarsel på tekstmelding til mobilen din eller lese inn ei talemelding til fasttelefonen din.

Vi sender berre kokevarsel når vi ikkje er heilt trygge på vasskvaliteten, og ønskjer å verne deg og dei andre abonnentane mot ei eventuell smittefare.

Grunnar til at vatnet kan vere hygienisk utrygt i ein periode, kan til dømes skuldast brot på ei vassleidning eller svikt i vasshandsaminga ved vassverket.

Lurar du på korleis du skal handtere eit kokevarsel?

Trykk her for å laste ned gode råd frå Folkehelseinstituttet og Mattilsynet.

Vi må ha to «gode» prøvar på rad, før vi kan oppheve eit kokepåbod.

Vaskemaskin og oppvaskmaskin

Kjem det eit gråkvitt belegg på glasa du vaskar i oppvaskmaskina di? Synes du det skummar lite i vaskemaskina? Då kan det hende du har det fagfolka kallar for «hardt vatn».

Les manualen til vaskemaskina eller oppvaskmaskina di, for å sjå kva tiltak du eventuelt skal gjere. Normalt er rådet å tilsetje salt.

I Alver kommune har Vike vassverk middels hardt vatn.

Vatnet frå dei andre vassverka er ikkje hardt, og krev ikkje ekstra tiltak.

Trykk her for å lese meir om hardt vatn og drikkevatn.

Vasskvalitet

Drikkevatnet vert handsama for å oppfylle krava i Drikkevassforskrifta frå 2017. Det er ulik behandling av vatnet ved dei ulike vassverka, og dette vert bestemt ut frå kvaliteten på råvatnet (vasskjelda) og kva som er godkjend av Mattilsynet.

Kvaliteten ved dei ulike vassverka er normalt god. Vasskvaliteten vert nøye overvaka, både med eigne driftsprøvar og vassprøver, som vert analysert av eit eksternt laboratorium. Kor ofte prøvane vert tekne og kva analysar som vert utført, vert regulert av Drikkevassforskrifta og godkjent av Mattilsynet.

Får du vatn frå ein brønn, og lurar på om vatnet er reint og trygt?

Folkehelseinstituttet har laga ei brosjyre om "Drikkevatn i spreidd busetnad og på hytta". Trykk her for å laste ned brosjyra.

Vassmålar

I Alver kommune må næringseigedomar installere vassmålar. Eig du ein privat bustad, kan du velje sjølv.

Informasjon til deg som driv næring:

  • Du må sjølv lese av og melde inn vassforbruket til kommunen i desember kvart år. Storleiken på gebyret bedrifta di får, heng saman med kor mykje vatn de har brukt.
  • Du må sjølv dekke kostnadar til installasjon av vassmålaren. Arbeidet må stette krava i KS Administrative/tekniske bestemmelsar
  • Du kan berre bruke Alver kommune sine vassmålarar. Desse må du leige av vatn- og avløpsavdelinga i Alver kommune. Når målaren ikkje lenger er i bruk, må du levere han tilbake til kommunen.
  • Alle godkjente føretak kan henta vassmålar ved å visa til godkjend røyrleggjarmelding.

    Når du hentar målar må du ta med: 
    Saksnummer på røyrleggjarmelding, namn på eigar, gards- og bruksnummer, kva namn og adresse faktura og avlesingskort skal sendast til.

    Vanlege analoge målarar kan hentast på:
    Driftstasjonen på Mjåtveit, Rosslandsvegen 366, 5918 Frekhaug

    Ring vakttelefon 96 62 55 59 for å avtala tid.

    Digitale målarar som kan fjernavlesast kan hentast på:
    Kommunehuset på Frekhaug, Havnevegen 41, 5918 Frekhaug

    Ring innbyggjarservice Alver kommune på telefon 56 37 50 00 eller 
    Stian Stormark på telefon 95 21 08 39 for å avtale tid.

Informasjon til deg som eig privat bustad:

  • Dei fleste bustadeigarar i Alver kommune vel å ikkje ha eigen vassmålar. Viss ein har vassmålar kan ein ikkje velje månadlege fakturaer.
    Ein må då ha standard oppsett med tre fakturaer pr. år.

Trykk her for å registrere vassmålar.

Tom brønn?

Ved tomme private brønnar køyrer ikkje kommunen ut vatn. Kontakt Norva 24 på telefon: 57 78 11 70, eller eller Vitek på 81 50 73 65.


Sist oppdatert: 22.08.2023
Publisert: 10.10.2018