HjemSkule og utdanningSkulestart og skulekrinsar

Skulestart og skulekrinsar

Skulestart

Innskriving og tildeling av skuleplass

Alle barn har rett og plikt til opplæring frå det kalenderåret dei fyller seks år. Alle 6-åringar i kommunen, får skriftleg melding om tid og stad for innskriving på ein av skulane i Alver.

Grunnskulane i Alver kommune inviterer til innskriving i februar. Saknar du invitasjon til innskrivinga? Ta kontakt med rektor på nærskulen din.

Har du flytta til kommunen eller flytta til ein annan stad i kommunen etter 1. november, må du ta kontakt med den næraste skulen for å sjekke om vi har registrert barnet ditt på rett skule.

Elevar i grunnskulen har rett til å gå på nærskulen sin. I Alver har vi eigne krinsgrenser som seier kva opptaksområde kvar skule har. Dersom skulen du soknar til ikkje er den næraste skulen, kan du søke om opptak på nærskulen din.

Finn ut kva skule barnet ditt høyrer til

Vi har 21 skular i Alver kommune. Fem av desse er ungdomsskular, 15 er barneskular, ein er barne- og ungdomsskule.

Lurar du på kva skule barnet ditt høyrer til? Les meir om skulekrinsar lenger ned på sida.

Vi har flytta til Alver kommune etter innskrivinga. Kva gjer vi?

Flytta de til Alver kommune etter innskrivinga, og har ein komande 1. klassing med på lasset? Ta kontakt med skulen i nærområdet ditt.

Skulekrinsar

Vi har opptaksområde for kvar grunnskule. Ta kontakt med den skulen som er nærast, eller med innbyggjarservice i kommunen om du lurar på kva skulekrins barnet ditt soknar til.

For barneskulane

  • Alversund, Eikanger, Kløvheim, Knarvik, Leiknes, Myking, Ostereidet, Rossland, Sagstad, Vestbygd, Grasdal, Sæbø, Manger, Hordabø og Austebygd er eigne krinsar.
  • Seim skule: Seim krins og Festo krins.
  • Lindås barneskule: Lindås barneskulekrins og Skodvin krins.

For ungdomsskulane

  • Knarvik ungdomsskule har følgjande opptaksområde: Alversund, Festo, Knarvik, Leiknes og Seim barneskulekrinsar.
  • Ostereidet ungdomsskule har følgjande opptaksområde: Ostereidet, Eikanger og Kløvheim barneskulekrinsar. Elevar frå Leiknes skulekrins som ønskjer å gå på Ostereidet ungdomsskule kan søkje om å få skuleplass der.
  • Lindås ungdomsskule har følgjande opptaksområde: Lindås b, Myking og Skodvin skulekrinsar.
  • Meland ungdomsskule har følgjande opptaksområde: Grasdal og Sagstad skulekrinsar. 
  • Rossland barne og ungdomsskule har følgjande opptaksområde: Vestbygd og Rossland skulekrinsar.
  • Radøy Ungdomsskule har følgjande opptaksområde: Sæbø, Manger, Hordabø og Austebygd skulekrinsar.

Kan eleven gå på ein skule han/ho ikkje soknar til?

Alver kommune har ikkje fritt skuleval. Nærskuleprinsippet gjev likevel elevar rett til å gå på den næraste skulen. I vurderinga av kva som er næraste skule ligg både geografiske og trafikale tilhøve. Det er Opplæringslova §8-1 som regulerer dette.

Det kan også vere særlege grunnar til at ein elev og foreldre ønskjer skulestad ved ein annan skule enn den ein soknar til. Det kan til dømes vere reiseveg, flytting, mellombels bustad eller sosial-pedagogiske tilhøve. Foreldra tar då kontakt med skulen ein høyrer til, der ein får rettleiing om vilkår og framgangsmåte.

Elevar som etter søknad får skulestad ved annan skule enn den dei soknar til, har ikkje rett til fri skuleskyss utanom i heilt særlege høve.

Søknader blir behandla av kommunen etter reglane om enkeltvedtak, og følgjer kommunal prosedyre for søknad om opptak ved annan skule.

Tidleg eller utsett skulestart

Slik søkjer du om tidleg skulestart

For at ditt barn skal få ta til på skulen eitt år tidlegare, må barnet vere fylt 5 år innan 1. april, og du må søkje om eller samtykke til dette.

Slik går du fram:

  1. Be om ei sakkunnig vurdering frå Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT).
  2. Fyll ut skjema:
    Trykk her for kontaktskjema/tilvising utsett/framskutt skulestart 

Slik søkjer du om utsett skulestart

Slik går du fram:

  1. Be om ei sakkunnig vurdering frå Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT).
  2. PPT når du slik: Send ein e-post til bodil.rossnes@alver.kommune.no. Ikkje del sensitive opplysningar om barnet ditt på e-post. Det er nok at du ber om ei sakkunnig vurdering og fortel kven du er og korleis PPT kan nå deg.
  3. Lever vurderinga til rektor, saman med søknad om utsett skulestart. 
  4. Rektor skal uttale seg om saka og sende ho vidare til endeleg avgjerd hos kommunalsjef for oppvekst.

Dersom det, etter vurderinga til PPT, er tvil om at barnet ditt har kome langt nok i utviklinga til å starte på skulen, har du rett til å be om utsett skulestart i eitt år.

Overgang frå barneskule til ungdomsskule

Elevar skal oppleve at det er ein samanheng mellom det som skjer på barneskulen og fortsetjinga på ungdomsskulen. Difor har skulane i Alver kommune felles rutinar for å sikre det gode samarbeidet. Rutinane skal gje elevar og foreldre ein trygg overgang, og skulane tilgang til viktig informasjon.

Samtykkeskjema

Vi har ansvar for heile skuleløpet frå 1. til 10. klasse. Difor treng du ikkje å signere samtykkeskjema for overføring av informasjon og elevmapper om barnet ditt byter skule i Alver kommune.

Barn som treng ekstra hjelp

Har barnet ditt fått ekstra hjelp og tilrettelagt undervisning på barneskulen, tar skulen initiativ til ei eiga vurdering ilag med deg som føresett hausten i 7. klasse. Om våren i 7. klasse vil det også vere eige overgangsmøte mellom foreldre, barneskule, ungdomsskule og eventuelt PPT.

Skal du flytte frå kommunen?
  • Føresette må i god tid melde frå til skulen eleven går på om at ein vil flytte.
  • Ein må informere skulen kva kommune og skule ein vil flytte til.
  • Skulen eleven går på vil då fylle ut flyttemelding, som vert sendt til den nye kommunen.
  • Ein bør og kontakte skulen i den nye kommunen.
Søknad om skulebyte – inntak på annan skule enn nærskulen

Dersom du har ein elev som har behov for å gå på ein annan skule enn nærskulen, må foreldre/føresette sende ein søknad til Alver kommune via eDialog.


Søknaden må innehalde:

  • Eleven sitt namn, fødselsdato og adresse
  • Kontaktinformasjon føresette
  • Kva søkjer de om
  • Grunngjeving for søknaden
  • Eventuelle skyssbehov/løysing
  • Eleven sine tankar om søknaden
  • Relevant dokumentasjon og eventuelle uttalar frå sakkunnige

Alver kommune innhentar informasjon frå:

  • Nærskule
  • Mottakarskule
  • Eleven si stemme, dersom den ikkje kjem fram i søknaden

Det er om lag 3 veker sakshandsamingstid for slike søknader.


Sist oppdatert: 31.10.2023
Publisert: 20.04.2018