HeimSkule og utdanningSpesialundervisning

Spesialundervisning

Spesialundervisning for grunnskuleelevar

Har du eit born som ikkje har eller kan få utbytte av det ordinære opplæringstilbodet på skulen, kan han eller ho ha rett til spesialundervisning.

Slik søkjer du

  • Ta kontakt med skulen til barnet ditt.
  • Skulen gjer sine undersøkingar og prøvar ut tiltak.
  • Dersom tiltaka på skulen ikkje hjelper barnet ditt, tar skulen kontakt med PPT og ber dei om ei sakkunnig vurdering. PPT vurderer behovet for spesialundervisning, og gir råd til kva type tilbodet barnet ditt bør få. Dette kan ta inntil 90 dagar.
  • Rektor gjer vedtak om spesialundervisning.
  • Barnet ditt og du som føresett må samtykke.

Har du rett til hjelp?

Før kommunen avgjer om barnet ditt får spesialundervisning skal Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) vurdere kva som er best for barnet ditt.

Årsaka for å be om hjelp frå PPT kan vere mange:

  • Mistanke om forseinka utvikling
  • Språk- og kommunikasjonsvanskar
  • Lærevanskar
  • Fagvanskar
  • Konsentrasjonsvanskar
  • Åtferdsvanskar
  • Sosiale og emosjonelle vanskar
  • Funksjonshemming

Før skulen ber om ei vurdering frå PPT, skal leiinga på skulen alltid vurdere om det er mogleg å hjelpe barnet ditt innanfor det ordinære opplæringstilbodet. Skulen skal også sjå om det hjelper med tilpassa opplæring. Dersom ingen av tiltaka hjelper barnet ditt, skal skulen ta kontakt med PPT.

Klage på vedtak

Du kan klage på det endelege vedtaket til rektor på skulen. Vi har ikkje eit eige skjema for dette, så det er nok at du skriv eit brev og sender det til skulen.

Spesialundervisning for vaksne på grunnskule

Tilbod til vaksne som:

  • ikkje utbytte av det ordinære undervisningstilbodet.
  • treng ekstra opplæring for å kunne utvikle eller vedlikehalde grunnleggande ferdigheiter

Slik søkjer du

  1. Ta kontakt med vaskenopplæringa i kommunen.
  2. Vaksenopplæringa tar kontakt med pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) og ber om ei sakkunnig vurdering. PPT vurderer behovet for spesialundervisning, og gir råd til kva type tilbod du bør få. Dette kan ta inntil 90 dagar.
  3. Du har rett til å uttale deg før kommunen gjer vedtak.
  4. Kommunen gjer vedtak og informerer deg om konklusjonen.

Kva kostar det?

Opplæringa og undervisningsmateriellet er gratis.

Har du rett til hjelp?

Årsaka for å be om spesialundervisning, kan til dømes vere at du:

  • er eller har vore sjuk/skadd
  • har særleg behov for å meistre gjeremåla i kvardagen
  • treng grunnleggande kommunikasjontrening
  • treng grunnleggande lese- og skriveopplæring
  • treng motorisk trening

Kva hjelp får du?

Du får ein individuell opplæringsplan (IOP) med:

  • mål for opplæringa
  • innhaldet i opplæringa
  • korleis du og skulen skal gjennomføre opplæringa

Klage på vedtak

Er du ikkje nøgd med avgjerda til kommunen, kan du klage innan tre veker etter at du mottak vedtaket. Forklar kva du er ueinig i og kvifor du meiner at vi bør endre vedtaket. Treng du rettleiing for å klage, kan du be om hjelp. Dersom vi ikkje endrar vedtaket, sender vi klagen til vidare til Fylkesmannen som avgjer om du skal få medhald eller ikkje.

Gruppetilbod for elevar i grunnskulen

Tilbodet er for barn og ungdom i grunnskulealder med særskilte behov.

Slik søkjer du

Søknadsfristen før eit nytt skuleår er 1. mars kvart år.

Skulane i Lindås får tilsendt søknadspapir. 

Kva kostar det

Tilbodet er gratis, og er ein del av det ordinære grunnskuletilbodet.

Kva får du?

Gruppene er eit skuletilbod, ein dag i veka, for barn og ungdom med kognitiv funksjonsnedsetjing. Elevane kjem frå ulike skular i kommunen og regionen.

Målet med tilbodet er å skape eit godt læringsmiljø for sosial kompetanse, motorikk og musikalske ferdigheiter og generell livsmeistring.

I tillegg er det eit mål at kvar elev får danne vennskap og meistre ilag med barn med liknande livserfaring.

Skuletilbodet blir drive av spesialpedagogar.

Krav til søkjar

Før inntaket blir kvar søkjar individuelt vurdert i eit samråd mellom skule, føresette, PP-tenesta og læringssenteret.

Klage på vedtak

Er du ikkje nøgd med avgjerda til kommunen, kan du klage innan tre veker etter at du mottek vedtaket. Forklar kva du er ueinig i og kvifor du meiner at vi bør endre vedtaket. Treng du rettleiing for å klage, kan du be om hjelp. Dersom vi ikkje endrar vedtaket, sender vi klagen til vidare til Fylkesmannen som avgjer om du skal få medhald eller ikkje.


Sist oppdatert: 27.03.2019
Publisert: 07.06.2018