HeimSkule og utdanningSkulefritidsordning (SFO)

Skulefritidsordning (SFO)

Skulefridtidsordning (SFO) er eit tilbod til:

  • elevar i 1.-4. klasse
  • barn med særlege behov i 1.-7. klasse

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 1. mai. Alle som søkjer innan fristen skal ha plass på SFO.

Søkjer du etter søknadsfristen, kjem du på ei venteliste.

Slik søkjer du

  • Du får informasjon og søknadsskjema på skulen ved innskriving eller ved å ta kontakt med skulen din
  • Ta kontakt med skuleleiinga på den aktuelle skulen om du er ny i kommunen

Kva kostar det?

Tilbod som følgjer skuleruta
  • 6 til 9,5 timar i veka: 1583 kroner
  • 10 til 14 timer i veka: 2214 kroner
  • Over 15 timer i veka: 2867 kroner
Heilårstilbod
  • 6 til 9,5 timar i veka: 1804 kroner
  • 10 til 14 timer i veka: 2416 kroner
  • Over 15 timer i veka: 3035 kroner
  • Det er fritak for foreldrebetaling for SFO 5.-7. klasse for born med omfattande tilsynsbehov
Dagsats
  • 189 kroner
  • Det er fritak for foreldrebetaling for SFO 5.-7. klasse for born med omfattande tilsynsbehov
Ekstratimar
  • Fast tilmelde: 40 kroner
  • Andre: 65 kroner
Gebyr ved for sein henting 
  • 263 kroner
Søskenmoderasjon
  • Barn nummer 2: 30 prosent rabatt
  • Barn nummer 3 og fleire: 50 prosent rabatt

Søskenmoderasjon gjeld berre for fast månadsbetaling. Søsken må bu saman fast og ha same bustadasdresse i kommunen for å få innvilga søskenmoderasjon. Vi definerer søsken som heilsøsken, halvsøsken og stesøsken.

Dagsats gjeld for tilfeldige heile dagar for fast tilmelde og andre. Dagsatsen gjeld for heile året, også onsdagar, men skal ikkje vere ei fast ordning.

Kva tilbod har skulane?

SFO-tilbod i 11 månader i året:

  • Alversund barneskule
  • Knarvik barneskule
  • Leiknes skule
  • Seim skule

SFO-tilbod 190 dagar i året:

  • Eikanger skule
  • Kløvheim skule
  • Myking skule
  • Ostereidet barneskule

I feriar kan du få plass på ein av skulane med tilbod 11 månader i året.

Slik seier du opp plassen

Barn som har fått SFO-plass er påmelde til dei sluttar i 4. klasse, eller til dei seier opp plassen skriftleg. Oppseiingsfristen til neste skuleår er 1. mai.

Dersom du seier opp elles i året, er oppseiingsfristen ein månad rekna frå den 1. i månaden etter at vi har tatt imot oppseiinga. Den skriftlege oppseiinga sender du til skulen din. Vi har ikkje eit eige skjema til oppseiing av SFO-plass. Oppseiinga må vera datert, innehalda barnet sitt namn og underskrift.

Barn som flyttar internt i kommunen, og som har plass i SFO, skal få tilbod om plass på SFO ved den skulen dei flyttar til.

Om tilbodet

Formålet med SFO er å gi elevane eit trygt tilsyn før og etter den obligatoriske skuledagen. Vi legg vekt på omsorg, leik, kulturaktivitetar og sosial læring. Barna får ta ansvar for kvarandre og felles oppgåver.

SFO skal stimulere barn til å bruke og utvikle evner og anlegg og i samabreid med heim og skule, gi dei eit godt gurnnlag til å bli sjølvstendige, tolerante og skapande menneske.

  • Eit tilbod på skulen før og etter skuletid
  • Eit tilbod på skulen i nokre av skulen sine feriar
  • Du vel sjølv kor mange timar du ønskjer kvar veke. Skulane har ulike tilbod. Ta kontakt med skulen din for å høyre kva opningstider SFO har, og kva timetal du kan søkje på.
Vedtektene våre

Trykk her for å laste ned Lindås kommune sine vedtekter for SFO.

Kva seier lova?

Sist oppdatert: 26.02.2019
Publisert: 07.06.2018