HeimSkule og utdanningSpråkopplæring

Språkopplæring

Elevar med anna morsmål enn norsk og samisk kan søkje om særskilt språkopplæring til dei har tilstrekkeleg ferdigheit i norsk til å følge den ordinære opplæringa i skulen.

Vi gir dette tilbodet på alle grunnskulane våre i Lindås kommune.

Slik søkjer du

Ta kontakt med skulen der eleven går. Skulen skal gi deg informasjon og hjelpe deg med å søkje.
Skulen skal kartleggje kva kunnskap eleven har i norsk før vedtak blir gjort. Slik kartlegging skal også skje undervegs i opplæringa for å finne ut om eleven har tilstrekkeleg norskkunnskap til å følgje den vanlege undervisninga

Kven kan få tilbodet?

  • Eleven må ha anna morsmål enn norsk og samisk
  • Eleven har ikkje gode nok kunnskaper i norsk til å følgje den ordinære undervisninga
  • Det må vere eigna undervisningspersonale i kommunen (dette gjeld morsmålsundervisning og tospråkleg fagopplæring)

Kva undervisning kan du få?

  • Særskilt norskopplæring som er opplæring i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar.
  • Morsmålsopplæring som er knytt til grunnleggjande lese- og skriveopplæring for småskuletrinnet.
  • Tospråkleg fagopplæring som er opplæring i fag på morsmålet og på norsk.

Kva seier lova?

Trykk her for å lese om særskilt språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar i Opplæringslova §2-8.


Sist oppdatert: 18.10.2018
Publisert: 07.06.2018