HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarVarsel om oppstart av planarbeid, detaljplan, Birkelundstunet

Varsel om oppstart av planarbeid, detaljplan, Birkelundstunet

I medhald av plan- og bygningslova, §12-8 blir det gjort kjend at det er starta opp privat reguleringsarbeid for gbnr. 172/14 m.fl. Birkelundstunet, Seim, Lindås kommune.

Frist for innspel er 23.juni, 2019.


Planområdet er uregulert. I kommuneplanen er planområdet sett av til bustadformål.


Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for bustadbyggjing. Det er ynskjeleg å leggje til rette for nye bygg med inntil seks bueiningar over to etasjar, samt parkeringskjellar. I tillegg vil ein leggje til rette for naudsynt infrastruktur og leikeareal.

 

Slik kjem du med innspel:

Planarbeidet blir føreteke av proESS AS på vegne av grunneigar. Kommentarar/innspel til det igangsette planarbeidet skal vere skriftlig, helst på e-post til post@proess.no  innan 23.06.19.

 

Les saksdokumenta

Detaljplan Birkelundstunet, varsel oppstart

Detaljplan Birkelundstunet, KPA

Detaljplan Birkelundstunet, Ortofoto

Detaljplan Birkelundstunet, oversiktskart

Detaljplan Birkelundstunet, referat oppstartsmøte


Sist oppdatert: 22.05.2019
Publisert: 22.05.2019