HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarVarsel om oppheving av reguleringsplan for Nappane

Varsel om oppheving av reguleringsplan for Nappane

Har du innspel til opphevinga? Send innspela dine til kommunen innan 27. august 2019.
Publisert: 02.07.2019
Sist endra: 02.07.2019

Vi varslar med dette at Lindås kommune vil oppheve reguleringsplanen for Nappane, gardsnummer 129, bruksnummer 5 med fleire. Opphevinga skjer i samsvar med plan- og bygningslova § 12-14, fjerde ledd. PlanID for planen er 1263-19012007.

Forslag til opphevinga skjer som eit ledd i temarevisjon av arealdelen til kommuneplanen som vert lagt ut til offentleg ettersyn frå 2. juli til 27. august 2019. Vi legg opp til at arealdelen til kommuneplanen skal bli rettsleg bindande for areal innanfor reguleringsplanen.

Trykk her for å lese meir om kommuneplanen sin arealdel

Bakgrunnen for opphevinga er at reguleringsplanen ikkje har vore realisert i planperioden for arealdelen til kommuneplanen 2011-2023, og at realisering av planen er vurdert som lite realistisk på grunn av utfordringar knytt til veg, vatn og avløp. Reguleringsplanen er ikkje i tråd med dagens standard og krav. Ei oppheving av planen vil opne opp for moglegheita til å realisere etablering av småbåtanlegg i Nappevika.

Relevante mynde, grunneigarar, festerar og andre berørte skal kunne uttale seg før kommunen fattar vedtak om oppheving av planen. Kommunen rår alle til å sette seg godt inn i forslag til ny arealdel til kommuneplanen for å sjå kva konsekvensar oppheving av planen vil ha for den enkelte sine interesser.

Tilgang til plandokumenta

Plandokumenta for reguleringsplan for Nappane finn du i planregisteret i Nordhordlandskart:

https://www.nordhordlandskart.no/share/8592e95c516b

Slik kjem du med innspel

Fristen for å komme med innspel er 27. august 2019.

Trykk her for å bruke det elektroniske høyringsskjemaet vårt.

Du kan også sende innspela dine på e-post til postmottak@lindas.kommune.no eller med brev til Lindås kommune, plan‐ og miljøutvalet, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø.

Merk sendinga med saksnummer 19/1886.