Områderegulering for Alversund

Kommunestyret vedtok i møte den 01.11.2018, sak 083/18, områderegulering for Alversund – planid 1263-200902.

De blir med dette varsla om planvedtaket i samsvar med plan- og bygningslova (pbl.) § 12-12. Den vedtekne reguleringsplanen er straks bindande for framtidig arealbruk i området.

Saksdokument

Eventuelle klagar

I samsvar med pbl. § 12-12 er grunneigarar og andre varsla ved dette brevet, og planvedtaket blir kunngjort i Nordhordland avis 01.12.2018. Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltingslova § 29 sett til 22. desember.

Vi opplyser om tilgangen til å be om utsett iverksetjing av vedtak inntil klagefristen er ute eller klagen er avgjord, jf. forvaltingslova § 42. Nærmare orientering om utsett iverksetjing og klagerett er tilgjengeleg saman med saksdokumenta på Internett-sida vår: www.lindas.kommune.no

Etter at klagefristen er ute, vil vi orientere forslagsstillaren, partar som saka får direkte konsekvensar for, og regionale myndigheiter om eventuelle innkomne klagar på vedtaket.

Erstatning eller innløysing

Krav om erstatning etter plan- og bygningslova § 15-2 og krav om innløysing etter den same lova § 15-3 må setjast fram seinast tre år etter at reguleringsplanen er kunngjort.


Sist oppdatert: 30.11.2018
Publisert: 30.11.2018