HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarInnspel til utbyggingsavtale i Knarvik sentrum?

Innspel til utbyggingsavtale i Knarvik sentrum?

Ein utbyggingsavtale med Kvassnesvegen 32 ligg til offentleg ettersyn til midten av august. Les meir for å sjå korleis du kan komme med innspel.
Publisert: 21.06.2019
Sist endra: 21.06.2019

Formannskapet til Lindås har i møte 20.06.2019, sak 19/1776, vedtatt å leggje utbyggingsavtale med Kvassnesvegen 32 ut til offentleg ettersyn.

Utbyggingsavtalen er knytt til planlagt utbygging av delområde BS17-1 og BS18 i områdeplan for Knarvik sentrum. Utbyggingsavtalen er forhandla fram av administrasjonen med bistand frå konsulentfirmaet WSP.

Kvassnesvegen 32 er det andre prosjektet som skal gjennomførast innanfor områdeplanen for Knarvik sentrum. Etter høyringsperioden skal kommunestyret ta endeleg stilling til avtalen.

Utbyggingsavtalen ligg ute til offentleg ettersyn frå 21.06.2019 til 15.08.2019.

Les meir om saka

Slik kjem du med innspel

Frist for å sende inn merknader til avtalen er 15.08.2019.

Merknadene sender du til:

Lindås kommune v/ Helen Gjærde, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø.

Du kan også sende innspelet ditt direkte på e-post til helen.gjerde@lindas.kommune.no.