HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering godkjent reguleringsplan Risøy hyttefelt

Kunngjering godkjent reguleringsplan Risøy hyttefelt

Har du innspel til godkjent reguleringsplan for hyttefelt på Risøy? Klagefristen er 20. oktober 2018.
Publisert: 25.10.2018
Sist endra: 08.11.2018

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12, vert det kunngjort at kommunestyret i møte den 13.09.2018, sak 061/18, godkjente reguleringsplan for Risøy hyttefelt, plan-id 1263-201604.

Hovudføremålet med planen er å legge til rette for ei justering av eksisterande fritidsbustadområde med tilhøyrande naust og flytebrygger på Risøy. Planframlegget opnar ikkje opp for nye hyttetomtar, men gir moglegheit for utviding av eksisterande fritidsbustader og oppføring av anneks, samt auke i tal på parkeringsplassar på fellesområdet. Det vert også opna for etablering av nye naust, flytebrygger, leikeplass og ballbane, samt betre tilrettelegging for badeplassar innanfor planområdet.

Reguleringsplanen ligg til gjennomsyn frå 29.08.2018 til 20.10.2018 i ekspedisjonen på Lindås rådhus. Plandokumenta finn du også via innsynsverktyet til kommunen her.

Om klage og verknad av plan

Vedtaket om godkjenning kan påklagast av den som er part eller har rettsleg klageinteresse, jf plan‐ og bygningslova § 12‐12, 3. ledd. Klagefristen er etter forvaltningslova § 29, 3 veker frå denne kunngjeringa. Eventuell klage bør grunngjevast og skal stilast til Fylkesmannen i Hordaland og sendast til:

Lindås kommune, plan‐ og miljøutvalet, Kvernhusmyrane 20, 5914 ISDALSTØ, eller til postmottak@lindas.kommune.no innan 20.10.2018.

Reguleringsplanen fastset framtidig bruk i området, og er bindande for nye tiltak og utviding av eksisterande tiltak, jamfør plan‐ og bygningslova § 12‐4. Det vert også vist til plan‐ og bygningslova § 15‐2 og § 15‐3, krav om innløysing og erstatning for tap ved reguleringsplan. Før det kan reisast søksmål om vedtaket er gyldig eller krav om erstatning, må høve til å klage på vedtaket vere nytta fullt ut, jf. fvl. § 27b.