HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering gang- og sykkelveg frå Lindås til Mongstad

Kunngjering gang- og sykkelveg frå Lindås til Mongstad

Har du innspel til plassering og utforming av ein sykkelveg på fylkesveg 57 mellom tettstaden Lindås og Mongstad? Merknadsfristen er 20. desember.
Publisert: 08.11.2018
Sist endra: 08.11.2018

Plan- og miljøutvalet gjorde i møte 17. oktober 2018, sak 115/18, vedtak om å legge reguleringsplan for fylkesveg 57 med gang- og sykkelveg Lindås tettstad – Mongstad, planID 1263-201407, ut til høyring og offentleg ettersyn i medhald av plan- og bygningslova § 12-10.

Hovudmålet med reguleringsplanen er å fastsette plassering og utforming av gang- og sykkelveg langs den 10 km lange strekninga av fylkesveg 57 mellom Lindås tettstad og Mongstad.

Ein ønskjer samstundes å utbetre standarden og trafikktryggleiken ved at køyrevegen vert utforma i tråd med dagens krav. Dette inneber m.a. utviding og utretting av veglina fleire plassar, sanering av avkøyrsler, utbetring av vegkryss, utbetring av eksisterande og etablering av nye kulvertar for gåande/syklande og køyrande, samt auke i dimensjon på landbrukskulvert for å verte tilpassa dagens landbruksmaskinar. Planen skal også sikre areal til gjennomføring av prosjektet.

Open kontordag

I samband med høyring og offentleg ettersyn inviterer Statens vegvesen og kommunen til open kontordag i Lindåshallen, tysdag 27. november klokka 14.00 til 18.00.

Det vert høve til å møte medarbeidarar for ulike fagområde som er involverte i gjennomføringa av planarbeidet. Alle er vel møtt!

Les framlegget her

Trykk her for å lese alle dokumenta i saka.

Slik kjem du med innspel

  1. Bruk det elektroniske skjemaet for høyringsuttale.
  2. Klikk her for å opne skjemaet i eit nytt vindu.
  3. Fyll ut skjemaet og trykk på send.

Du kan også sende innspel på e-post til postmottak@lindas.kommune.no eller til Lindås kommune, Plan- og miljøutvalet, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø. Merk sendinga di med saksnummer 2014/7379

Fristen for å komme med merknader er 20. desember 2018.