Kunngjering av Sjurneset

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12, vert det kunngjort at kommunestyret i møte den 01.11.2018, sak 078/18, godkjente detaljregulering for Sjurneset, planid 1263-201501.

Hovudføremålet med reguleringsplanen er å legge til rette for einebustader, hytte, rorbuer og naust, med tilhøyrande anlegg.

Den vedtekne reguleringsplanen er bindande for framtidig arealbruk i området.  For informasjon  om endringar av plankart, føresegner og planomtale etter høyring og offentleg ettersyn, viser vi til Kommunestyresak 078/18 som følgjer vedlagt saman med plandokumenta.

Saksdokument

Vil du klage?

I samsvar med pbl. § 12-12 er grunneigarar og andre varsla i eige brev, og planvedtaket vert kunngjort i Nordhordland avis den 12. desember 2018. Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltingslova § 29 sett til 3. januar.2019

Vedtaket om godkjenning kan påklagast av den som er part eller har rettsleg klageinteresse, jf. plan- og bygningslova § 12-12, 3. ledd. Klagefristen er etter forvaltingslova § 29, 3 veker frå denne kunngjeringa. Eventuell klage bør grunngjevast og skal stilast til Fylkesmannen i Hordaland og sendast til:

Lindås kommune, 
plan- og miljøutvalet, 
Kvernhusmyrane 20, 
5914 ISDALSTØ

Du kan også sende e-post til postmottak@lindas.kommune.no.

Reguleringsplanen fastset framtidig bruk i området, og er bindande for nye tiltak og utviding av eksisterande tiltak, jamfør plan- og bygningslova § 12-4. Det vert også vist til plan- og bygningslova § 15-2 og § 15-3, krav om innløysing og erstatning for tap ved reguleringsplan. Før det kan reisast søksmål om vedtaket er gyldig eller krav om erstatning, må høve til å klage på vedtaket vere nytta fullt ut, jf. fvl. § 27b.


Sist oppdatert: 14.12.2018
Publisert: 12.12.2018