HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering 1.gangs høyring og offentleg ettersyn av områderegulering for Lonena

Kunngjering 1.gangs høyring og offentleg ettersyn av områderegulering for Lonena

Plan- og miljøutvalet fatta i møte 29.05.2019, sak 054/19, vedtak om å legge områdereguleringsplan for Lonena, del av gnr. 185 bnr. 284, 346, 280, 281 og 1 – planID 1263-201610 – ut til offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova § 12-10.

Føremålet med områdereguleringsplanen er å legge opp til rammar for utvikling av nye bustadområde og samstundes ivareta større delar av friluftsareala. Områdeplanen legg rammer for kva areal som kan utviklast til bustadføremål og kombinerte føremål, og kva som skal takast i vare som mogeleg offentleg friområde og anna grønstruktur/naturområde som ikkje skal byggjast ut. Planen sine føresegn sett plankrav til alle byggjeføremål, og gjev nokre rammer for kva som skal tydeleggjerast og avklarast vidare i detaljreguleringsplanar.

Planområdet er utvida noko i høve kunngjering av oppstart av planarbeid datert 16.11.2016. Eit begrensa varsel om den utvida plangrensa blir sendt ut til berørte partar i høyringsperioden.

Vidare medverknadsopplegg:

Arrangement Tid Stad
Open kontordag 14. juni, kl. 08.30 - 12.00 Nordhordlandshallen, kantina
Folkemøte 17. juni, kl. 18.00-20.00 Knarvik barneskule og fleirbrukshall, amfiet
Open kontordag 20. juni, kl. 14.00-18.00 Knarvik kyrkje, kjellaren

 

Områdereguleringsplanen ligg ute til offentleg ettersyn frå 05.06.2019 til 31.07.2019 på rådhuset i Lindås kommune. Plandokumenta er også å finne her. 

 

Slik kjem du med innspel:


Vi ber om at merknader til planframlegget sendast innan 31.juli 2019 til:

Lindås kommune, Plan‐ og miljøutvalet, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø,eller

 bruk det elektroniske skjemaet for høyringsuttale


eller via e-post til: postmottak@lindas.kommune.no

Merk sendinga med saksnummer 2014/5177.

Vedlegg: 

Saksframlegg

Plankart

Føresegner

Kvalitetsprogram

Planskildring

Risiko- og sårbarheitsvurdering

Konsekvensutgreiing for landskap

Konsekvensutgreiing for naturmangfald

Konsekvensutgreiing for friluftsliv

Konsekvensutgreiing for trafikk

Konsekvensutgreiing for hydrologi

Konsekvensutgreiing for sosial infrastruktur

Skredfarevurdering

Samandrag av spørjeundersøkjinga

Vedlegg til samandrag av spørjeundersøkjinga

Merknadsskjema

 


Sist oppdatert: 14.06.2019
Publisert: 05.06.2019