HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering 1. gangs offentleg ettersyn av områdeplan Ostereidet

Kunngjering 1. gangs offentleg ettersyn av områdeplan Ostereidet

Plan- og miljøutvalet fatta i møte 29.05.2019, sak 055/19, vedtak om å legge områdereguleringsplan for Ostereidet, del av gnr. 233 og 234 – planID 1263-201802 – ut til offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova § 12-10.

Hovudføremålet med områdereguleringsplanen er å legge til rette for god stadsutvikling på Ostereidet, både ved senter- og skule-, idretts-, barnehage- og kyrkjeområdet, og å legge grunnlaget for etablering av ei trafikksikker samanbinding for mjuke trafikantar mellom desse to hovudområda.

I senterområdet viser planen strukturering av funksjonane, flytting av kollektivterminal, auka næringsareal, bustader og utbetring av avkøyrsle frå E39. Ved skule-, idretts-, barnehage- og kyrkjeområdet vert det lagt til rette for ny idrettshall og parkeringsplassar i tilknyting til denne, samt at kollektivområdet ved skulane vert forbetra og vegsystemet meir trafikksikkert. I tillegg vert det opna for utviding av barnehagen, og barne- og ungdomsskulen også dersom det vert behov for dette i framtida.

Områdereguleringsplanen ligg ute til offentleg ettersyn frå 04.06.2019 til 30.07.2019 på rådhuset i Lindås kommune. Plandokumenta er også å finne under.

Slik kjem du med innspel:

Vi ber om at merknader til planframlegget sendast innan 30. juli 2019 til:


Lindås kommune, Plan‐ og miljøutvalet, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø, eller

bruk det elektroniske skjemaet for høyringsuttale

eller på e-post til: postmottak@lindas.kommune.no
Merk sendinga med saksnummer 2014/1855.

Vedlegg:

Saksframlegg (1. gangs handsaming av områdereguleringsplan for Ostereidet)

Føresegner

Plankart

Illustrasjonsplan

Planomtale

ROS-analyse

Vurdering etter naturmangfaldloven

Skredfarevurdering

Faresonekart skred

Støyrapport

Idemyldringskart frå ideverkstad

VA rammeplan

Tekniske vegteikningar

 


Sist oppdatert: 14.06.2019
Publisert: 04.06.2019