HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarHøyring på forskrift om tildeling av langtidsopphald

Høyring på forskrift om tildeling av langtidsopphald

Har du innspel til den nye Alver-forskrifta? Høyringsfristen er 4. oktober.
Publisert: 03.09.2019
Sist endra: 03.09.2019

Fellesnemnda har sendt forslag til ny forskrift om tildeling av langtidsopphald i institusjon ut på høyring.

Etter høyringa skal saka handsamast av utvala og endeleg avgjerast av kommunestyret i Alver kommune.

Tre forskrifter har blitt til ei

Ei lovendring i juni 2016 pålegg norske kommunar å ha eigne forskrifter for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad med heildøgnstenester. Forskrifta skal også innehalde reglar for korleis kommunen skal følgje opp dei som står på venteliste til langtidsopphald.

Meland, Radøy og Lindås kommunar har i dag kvar sine lokale forskrifter for tildeling av langtidsopphald med reglar for venteliste. Forskrifta som fellesnemnda har lagt ut på høyring er ei samordning av dagens tre forskrifter, og vil gjelde frå 1. januar 2020.

Kommunane har laga forslag til ny forskrift ilag. Forslaget vidareførar i all hovudsak det same hovudvilkåret for tildeling av langtidsopphald som kommunane har i dag, og same reglar for oppfølging av brukarar på venteliste.

Slik kjem du med innspel

Høyringsfristen er 4. oktober 2019.

Har du innspel til forskrifta?

Send innspelet ditt på e-post til postmottak@alver.kommune.no. Merk e-posten med «høyring på forskrift om tildeling av langtidsopphald».