Høyring på Nystøltunet

Plan‐ og miljøutvalet gjorde i møte 17.10.2018, sak 120/18 vedtak om å leggje følgjande framlegg til reguleringsplan ut til høyring og offentleg ettersyn i medhald av plan‐ og bygningslova § 12‐10.

Reguleringsplanen for Nystøltunet har planID 1263-201603 og arkivID 16/413.

Planområdet ligg på Fyllingsnes. Føremålet med reguleringa er at eigar og tiltakshavar til plan har ønskje om å leggje til rette for nye bustadar. Samstundes vert det for ein del av planområdet opna for endring frå fritidsbustad til bustad. Det er vidare ein sentral del av gjennomføringa å leggje til rette for ei betre avlaupshandtering ut over sjølve planområdet. Denne delen av gjennomføringa vil Lindås kommune ta del i.

Les saksdokumenta

Slik kjem du med innspel

Bruk det elektroniske skjemaet for høyringsuttale.

Du kan også sende innspel på e-post til postmottak@lindas.kommune.no eller til Lindås kommune, Plan- og miljøutvalet, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø. Merk sendinga di med saksnummer 16/413

Fristen for å komme med innspel er 31. januar 2019.


Sist oppdatert: 14.12.2018
Publisert: 14.12.2018