HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarHøyring – forskrift om ferie og fridagar i barnehage og skule 2019-2020

Høyring – forskrift om ferie og fridagar i barnehage og skule 2019-2020

Vi har laga eit forslag til skulerute for 2019-2020. Har du innspel? Høyringsfrist: 15.november 2018
Publisert: 25.10.2018
Sist endra: 12.11.2018

Om høyringa

Høyringspartar er offentlege og private grunnskular og barnehagar, organisasjonane og rådsorgan representert ved FAU og SU. Andre som ønskjer å uttala seg kan også senda svar på høyringa. Høyringsutkastet finn du under.

Uttale kan sendast til postmottak@lindas.kommune.no.

Merk uttalen: Høyring – ferie og fridagar for Lindås kommune 2019-20.

Høyringsfrist: 15.november 2018

Høyringsutkast skulerute 2019-2020.

Grunnskulen

Opplæringslova §2-2 og forskrift til opplæringslova §1-6 gjev rammer for omfanget av opplæringa og dagleg skuletid. Forskrifta skal vera tilpassa avviklinga av nasjonale prøvar.

Opplæringa skal strekkja seg over minst 38 skuleveker innanfor ei ramme på 45 samanhengande veker i skuleåret. Undervisninga skal i regelen ikkje ta til før kl.08.00 eller slutte etter kl.15.30.

Undervisninga kan organiserast i undervisningsblokker av ulik lengd. I tillegg til elevane sine skuledagar kjem ei ramme på 6 planleggingsdagar for pedagogisk personale. Barnehagane og SFO skal setja av 5 dagar til planlegging og samarbeid for personalet.

Framlegg til datoar for start, slutt og feriar 2019-20:

  • SFO start, 11 mnd tilbod: Torsdag 01.08.19
  • Barnehageåret startar: Tysdag 13.08.19
  • Første dag for nye barn i barnehage: Torsdag 15.08.19
  • Første skuledag: Torsdag 15.08.19
  • Haustferie skule: Veke 41, 7. - 12.10.19
  • Juleferie skule: 23.12.19 - 03.01.20
  • Vinterferie skule: Veke 9, 24.02 - 02.03.20
  • Påskeferie skule: 06.04 -14.04.20
  • Siste skuledag: 18.06.20

Dagar med elevfri og stengt i barnehagar

13. august, 14. august, 8. november, 31. januar og 22. mai.
Den 24. og 31. desember er både barnehagar og SFO med 11 månaders tilbod stengde. Onsdag i påskeveka stengjer barnehagane og SFO med 11 månaders tilbod klokka 12.

Planleggingsdagar for grunnskule

Alle farga dagar i vedlagte kalender kan nyttast til planlegging for personalet i skule. Skulane avgjer sjølv etter lokale drøftingar, plassering av planleggingsdagane for pedagogisk personale i SFO og skule og er ansvarleg for informasjon om dette til elevar og foreldre.

Dagane kan brukast til felles kompetanseheving på skulen, i kommunen og i regionen. Kommunane i Nordhordland Kompetanseregion har 2 felles planleggingsdagar, 09.11.19 og 31.01.20, der det vert tilbydd aktuelle kurs for tilsette frå alle kommunar.

Flytting av elevfrie dagar

Om ein skule ønskjer å flytta på ein eller fleire av dei felles elevfrie dagane, føreset det drøfting i dei lokale rådsorgana. Skulen må sjølv ta kostnadane og organisering av skuleskyss. Skulen søkjer rådmannen om endring.

Frist for søknad om flytting av elevfrie dagar: 1.oktober.

Undervisning/aktivitet på kveldstid

Skulen skal til vanleg ikkje ha obligatorisk undervisning/aktivitet på kveldstid jf. Forskrift til Opplæringslova §1-6. Vedtak i Levekårsutvalet 20.01.09 gjev rom for flytting av undervisningstid etter drøftingar i lokale rådsorgan. Rådmannen presiserer at flyttinga av undervisningstid må vera grunngjeven i skulen sine planar. Krav til innhald og læringsmål frå læreplanen må vera tydeleg. Det må også vera krav om oppmøte, og skyss må vera organisert. Flytting av undervisningstid innafor ramma av enkelttimar kan avgjerast
lokalt av rektor i samråd med dei lokale rådsorgana.

Siste dag før jul og sommar

I Lindås kommune har det vore ein tradisjon at skulane siste dag før jul og sommar har slutta etter 4.time eller slik at det høver med samordning av skuleskyss. Avkorta dag før jul og sommar har vore ein kompensasjon for kveldsarrangement (ikkje obligatorisk undervisning) gjennom skuleåret.

Høyringsutkast skulerute 2019-2020.