HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarHøyring - reguleringsplan Lindås barnehage

Høyring - reguleringsplan Lindås barnehage

I medhald av plan- og bygningslova § 12-10, vedtek Plan- og miljøutvalet å leggje framlegg til reguleringsplan for Lindås barnehage, planID 1263-201803, ut til høyring og offentleg ettersyn.

Høyringsfrist: 22.februar, 2019.

Viss nokon treng utvida frist ber me om at ein melder dette til plan@lindas.kommune.no før fristen går ut.

Framlegg til plan

Planområdet ligg på Lindås og omfattar heile eller delar av gnr 108 bnr 283 m.fl. Føremålet med reguleringa er at eigar og tiltakshavar til plan ønskjer å leggje til rette for ny offentleg barnehage med tilhøyrande anlegg. Samstundes vert delar av planområdet opna for sambruk mellom barnehage, skule og uorganisert fritidsaktivitet elles. Planområdet omfattar og delar av Prestelva og «Trondhjemske postveg» der det er tilhøve som skal takast i vare.

Kunngjering og innsyn

Framlegg til plan vert ved høyring og offentleg ettersyn kunngjort i  avis og på kommunen si heimeside. Grunneigarar, lag og organisasjonar og offentlege instansar vert direkte tilskrive. Viss du skulle ha kunnskap om nokon som ikkje er og burde vore varsla i plansaka ber me om å verte underretta. Gje ei melding til plan@lindas.kommune.no .

Plandokument og vedtak ligg til gjennomsyn i servicekontoret på Rådhuset. Ein kan søkje seg til alle dokument i plansaka gjennom «Innsyn i saker», bruk arkivID 18/1317 til søk.

Slik kjem du med innspel

Bruk det elektroniske skjemaet for høyringsuttale

eller senda e-post til postmottak@lindas.kommune.no eller per brev til Lindås kommune, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø. Innspel eller merknaden stilast til planavdelinga innan høyringsfristen 22.februar, 2019.

Les saksdokumenta


SAK 161-18 Reguleringsplan Lindås barnehage - 1gh 121218

Regplan Lindås Bhg Planomtale 131118

Regplan Lindås barnehage Føresegner 201218

Regplan Lindås Bhg Plankart 141118

Regplan Lindås Bhg Illustrasjonsplan 131118

Regplan Lindås Bhg ROS-analyse 110918

Regplan Lindås Bhg VA-rammeplan 121118

Vedlegg Eksisterande VA-anlegg 260918

Vedlegg Framtidig situasjon VA-anlegg 260918

Vedlegg Nedslagsfelt Flomveg 260918


Sist oppdatert: 04.01.2019
Publisert: 04.01.2019