HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarHar du innspel til kommunedelplan Knarvik-Alversund med Alverstraumen?

Har du innspel til kommunedelplan Knarvik-Alversund med Alverstraumen?

Plan- og miljøutvalet har lagt kommunedelplan for Knarvik-Alversund med Alverstraumen 2019-2031 til høyring. Fristen for å komme med innspel er 27. august 2019.
Publisert: 02.07.2019
Sist endra: 02.07.2019

19. juni 2019 gjorde plan- og miljøutvalet vedtak om å legge kommunedelplan for Knarvik-Alversund med Alverstraumen 2019-2031 ut til offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova § 11-14. Saksnummeret er 063/19. Plan-ID er 1263-2201701.

Alle vilkår og endringar som vart vedteke i møte er innarbeidd i høyringsutkastet til planen.

I Lindås kommune sin planstrategi for 2016-2019 er førebuing på vekst og fortetting kring regionsenteret Knarvik nemnd som særskilt viktig for kommunen denne perioden. Revisjon av kommunedelplan Knarvik, Alversund med Alverstraumen er trekt fram som ei prioritert oppgåve.

1. januar 2020 blir Lindås kommune slått saman med Meland og Radøy kommune, til nye Alver kommune. Føremålet med å revidera kommunedelplanen er å følgje opp strategiane i samfunnsdelen til kommuneplanen og å oppdatere arealpolitikken før kommunesamanslåinga i 2020. Utarbeiding av arealdelen til kommuneplanen og kommunedelplan for Knarvik-Alversund med Alverstraumen, er gjennomført som parallelle prosessar. Det har sikra ein heilskap i planlegginga og utforming av dei to planane.

Planarbeidet omfattar revisjon av to kommunedelplanar; Knarvik- Alversund og Alverstraumen. Dei to kommunedelplanane er slått saman til eitt planområde, i tillegg er planområdet utvida med området Erstadfjellet-Kvamme-Fosse i nord.

Følgjande hovudtema er handsama i planprosessen:

  • regionsenterutvikling
  • bustad
  • næring og sysselsetting
  • tilknyting til sjø og kystlinja
  • kommunikasjon og overordna infrastruktur
  • friluftsliv og rekreasjon
  • gang- og sykkel og kollektiv
  • sosial infrastruktur og offentleg areal
  • landbruk, kulturarv og miljø klima

Kommunedelplanen legg til rette for ny Alversund bru, gjennomføring av kyststi mellom Alversund og Knarvik, utviding av næringsareal og nytt sentrumsnært bustadareal.

Kontordag og informasjonsmøte

Arrangement

Tid

Stad

Kontordag og informasjonsmøte –

felles med kommuneplanens arealdel

19. august 2019

 

18:00 – 21:00

Kantina i Nordhordlandshallen

Tilgang til plandokumenta

Du kan låne og lese plandokumenta på rådhuset i Lindås, eller laste ned og lese dokumenta her:

Plankartet og føresegnene er juridisk bindande. Planskildringa skildrar det samla planframlegget.

Slik kjem du med innspel

Fristen for å komme med innspel er 27. august 2019.

Trykk her for å bruke det elektroniske høyringsskjemaet vårt.

Du kan også sende innspela dine på e-post til postmottak@lindas.kommune.no eller med brev til Lindås kommune, plan‐ og miljøutvalet, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø.

Sendinga merkar du med saksnummer 15/2147.