HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarHar du innspel til detaljplan E39 Vikane- Eikangervåg?

Har du innspel til detaljplan E39 Vikane- Eikangervåg?

Detaljplan E39 Vikane - Eikangervåg, planID 1263-201804, Sak 099/19
Føremålet med planarbediet er at strekninga langs E39 Vikane-Eikangervåg skal utbetrast med omsyn til trafikktryggleik og tilbod for mjuke trafikantar. Strekninga er eit av prosjekta i Nordhordlandspakken og er prioritert som nr. 17 av 19 prosjekt. Vegen er i dag for smal til å etablere forsterka midtoppmerking, og det finst ikkje tilbod for gåande og syklande. Det ligg føre ein godkjent reguleringsplan for strekninga frå 1995, men denne er utdatert og kan ikkje brukast til ekspropriasjon. Reguleringsplanen er heller ikkje i samhøve med dagens vegnormalar. Dette er bakgrunnen for at det no vert fremma eit nytt planframlegg for vegstrekninga langs E39 Vikane-Eikangervåg.krysset i eitt kryss.

Kontordag og informasjon

Planleggar og sakshandsamar frå Statens vegvesen og Lindås kommune vil vere tilgjengeleg for samtale og gjennomgang av plandokumenta:

Arrangement

Tid

Stad

Kontordag 

20.november 2019

kl. 17:00 

Eikanger skule

 

Tilgang til plandokumenta

Du kan låne og lese plandokumenta på rådhuset i Lindås, eller laste ned og lese dokumenta her:

Slik kjem du med innspel:

Me ber om at innspel til planframlegget sendast innan 29. november 2019.

Trykk her for å bruke det elektroniske høyringsskjemaet vårt.

Du kan også sende innspela dine på e-post til postmottak@lindas.kommune.no eller med brev til Lindås kommune, plan‐ og miljøutvalet, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø.


Sist oppdatert: 21.10.2019
Publisert: 09.10.2019