HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarHar du innspel til detaljplan E39 Molvik?

Har du innspel til detaljplan E39 Molvik?

Detaljplan E39 Molvikkrysset, planID 1263-201703, SAK 100/19
Molvikkrysset ligg langs E39 i Lindås kommune. Krysset har ei uheldig utforming og er trafikkfarleg. Det er med dagens utforming lite oversiktleg, både for dei som kjem frå Molvik og dei som kjem køyrande langs E39. Krysset ligg relativt tett innpå krysset til Bjørsvik, noko som forverrar trafikktryggleikssituasjonen. Det er utarbeida eit forprosjekt med ulike alternativ som løysing. Nokre av alternativa inkluderer også å samla Molvik-krysset med og Bjørsvik-krysset som ligg nærmare Bjørsviktunnelen. Anbefalt løysing er å samle Molvik- og Bjørsvik-krysset i eitt kryss.

Kontordag og informasjon

Planleggar og sakshandsamar frå Statens vegvesen og Lindås kommune vil vere tilgjengeleg for samtale og gjennomgang av plandokumenta:

Arrangement

Tid

Stad

Kontordag 

20.november 2019

kl. 17:00 

Eikanger skule

Tilgang til plandokumenta

Du kan låne og lese plandokumenta på rådhuset i Lindås, eller laste ned og lese dokumenta her:

Slik kjem du med innspel:

Me ber om at innspel til planframlegget sendast innan 29. november 2019.

Trykk her for å bruke det elektroniske høyringsskjemaet vårt.

Du kan også sende innspela dine på e-post til postmottak@lindas.kommune.no eller med brev til Lindås kommune, plan‐ og miljøutvalet, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø.


Sist oppdatert: 21.10.2019
Publisert: 09.10.2019