Har du innspel til arealdelen?

Plan- og miljøutvalet har lagt kommuneplanen sin arealdel 2019-2031 ut til 1. gangs høyring og offentleg ettersyn. Fristen for å komme med innspel er 27. august 2019.
Publisert: 02.07.2019
Sist endra: 14.08.2019

19. juni 2019 gjorde plan- og miljøutvalet vedtak om å legge kommuneplanen sin arealdel 2019-2031 ut til offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova § 11-14. Saksnummeret er 064/19. Plan-ID er 1263-201805.

Alle endringar som vart vedteke i møte er innarbeidd i høyringsutkastet til planen.

Kommuneplanen er Lindås kommune sin overordna plan som skisserer viktige trekk ved samfunnsutviklinga og bruk av areala i kommunen. Revisjon av kommuneplanen sin arealdel, på særskilte tema, er forankra i Lindås kommune sin planstrategi for perioden 2016-2019. 1. januar 2020 blir Lindås kommune slått saman med Meland og Radøy kommune, til nye Alver kommune.

Desse kommunedelplanane er ikkje er ein del av arbeidet med rullering av kommuneplanen:

  • Kommundelplan for Lindåsneset med Mongstad
  • Kommunedelplan for Lindåsosane, Lygra og Lurefjorden
  • Kommunedelplan for Knarvik-Alversund med Alverstraumen – vert rullert i ein eigen planprosess, og er ute på høyring og offentleg ettersyn i same periode som kommuneplanen sin arealdel.

Føremålet med å rullere arealdelen til kommuneplanen (KPA) er å følgje opp strategiane i samfunnsdelen til kommuneplanen og å oppdatere arealpolitikken før kommunesamanslåinga i 2020. Vi har gjennomført ein temarevisjon av planen. Ei hovudmålsetting for ny arealdel er å leggje til rette for attraktive nærmiljø. Planen skal følgje opp samfunnsdelen sine føringar, mellom anna om at bustadutviklinga skal skje i Knarvik, Alversund og dei definerte nærsentra Ostereidet og Lindås, samt leggje til rette for spreidd busetnad i bygdene. Arbeidet følgjer opp nasjonale forventningar til planlegging.

Kontordag og informasjonsmøte

Arrangement

Tid

Stad

Kontordag og informasjonsmøte

14. august 2019

18:00 – 21:00

Ostereidet ungdomsskule

Kontordag og informasjonsmøte

15. august 2019

 

18:00 – 21:00

Lindåshallen

Kontordag og informasjonsmøte –

felles med kommunedelplan for Knarvik-Alversund, med Alverstraumen

19. august 2019

 

18:00 – 21:00

Kantina i Nordhordlandshallen

Tilgang til plandokumenta

Du kan låne og lese plandokumenta på rådhuset i Lindås, eller laste ned og lese dokumenta her:

Plankartet og føresegnene er juridisk bindande. Planskildringa skildrar det samla planframlegget.

Slik kjem du med innspel

Fristen for å komme med innspel er 27. august 2019.

Trykk her for å bruke det elektroniske høyringsskjemaet vårt.

Du kan også sende innspela dine på e-post til postmottak@lindas.kommune.no eller med brev til Lindås kommune, plan‐ og miljøutvalet, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø.

Sendinga merkar du med saksnummer 17/3013.