HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarHar du innspel til detaljplan Stølsmarka?

Har du innspel til detaljplan Stølsmarka?

Detaljplan Stølsmarka, planID 1263-201607, Sak 095/19 ligg no ute til høyring og offentleg ettersyn.
Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for ei utviding av skulen, samt å sikre grøntområdet.
Det nye bygget ein ynskjer å tilretteleggje for i planen vil vere nord i planområdet og vil gje elevane betre fasilitetar og lærarane betre arbeidstilhøve. Grøntområdet er tenkt brukt av skule og barnehage på dagtid, medan busette i
nærområdet kan bruke området på kveldstid og i helgane. Ein ynskjer å bevare delar av grøntområde med
vegetasjon, resten av arealet vil ein opparbeide med leikeareal og sosial sone.

Reguleringsplanane ligg ute til offentleg ettersyn frå 9.10.2019 til 29.11.2019 på rådhuset i Lindås kommune. 

Tilgang til plandokumenta

Du kan låne og lese plandokumenta på rådhuset i Lindås, eller laste ned og lese dokumenta her:

Slik kjem du med innspel

Me ber om at innspel til planframlegget sendast innan 29. november 2019.

Trykk her for å bruke det elektroniske høyringsskjemaet vårt.

Du kan også sende innspela dine på e-post til postmottak@lindas.kommune.no eller med brev til Lindås kommune, plan‐ og miljøutvalet, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø.


Sist oppdatert: 14.10.2019
Publisert: 09.10.2019