HeimPlan, bygg og eiendomTreng du hjelp?

Treng du hjelp?

Byggjesak på kundesenteret

Tilsette frå byggjesak er på kundesenteret tysdagar og torsdagar frå 09.00 til 11.30 og 12.00 til 15.00.

Tilbodet er for deg som enno ikkje har sendt inn ein søknad. Vi fyller ikkje ut søknaden for deg, men kan svare på spørsmål slik at du kjem i mål.

Møt opp på kundesenteret på rådhuset eller ring oss på 56 37 51 00.

Du kan også ta kontakt med oss på e-postadressa til byggjesak: byggesak@lindas.kommune.no. Vi svarar på alle e-postar innan 10 dagar.

Planavdelinga på kundesenteret

Tilsette frå planavdelinga er på kundesenteret onsdagar frå klokka 09.00 til 11.00 og klokka 11.30 til 15.00. Vi har ikkje folk i kundesenteret på desse datoane hausten 2018: 29. august, 17. oktober, 21. november, 12. desember

Vi kan svare på spørsmål knytt til innhaldet i reguleringsplanar. Har du spørsmål om ei spesiell byggjesak, må du heller møte byggjesak på kundesenteret på tysdagar eller torsdagar.

Møt opp på kundesenteret på rådhuset eller ring oss på 56 37 51 00.

Du kan også ta kontakt med oss på e-postadressa til plan: plan@lindas.kommune.no.


Sist oppdatert: 09.10.2018
Publisert: 05.10.2018