HeimPlan, bygg og eigedomKlage på eit vedtak

Klage på eit vedtak

Kven kan klage?

For at vi skal handsame klagen din, må du vere part i saka eller ha rettsleg klageinteresse.

  • For at du skal vere part i saka, må vedtaket rette seg mot deg eller direkte gjelde deg.
  • For at du skal ha rettsleg klageinteresse må du ha ei tilknyting til saka. Dette kan gjelde naboar, gjenbuarar, bebuarar i nærområdet, velforeiningar og interesseorganisasjonar kor saka får følgjer for eigedomen fysisk (til dømes sol, luft, lys og skuleveg) eller økonomisk (til dømes konkurransetilhøve og verdiforringing). 
Dette kan du klage på

Du kan klage på enkeltvedtak. Enkeltvedtak er til dømes vedtak om byggjeløyve, avslag på byggjeløyve, vedtak etter jordlova, godkjenning av reguleringsplan, vedtak om seksjonering og vedtak etter forureiningslova. 

Dette kan du ikkje klage på
  • Tilhøve som er avgjort tidligare og kor klagefristen har gått ut, til dømes vedteke reguleringsplan, dispensasjon eller tidlegare vedtak i byggjesaker.
  • Vedtak om igangsettingsløyve, med mindre klagen inneheld endring av vilkår i rammeløyve.
  • Vedtak om kommuneplan.
  • Gebyr, men du kan klage dersom du søkjer om å få gebyret nedsett og kommunen avslår det. 
  • Dersom det er hensiktmessig, kan kommunen likevel behandle ein klage i staden for å avvise den.
Klagefristen er tre veker
  • Fristen for å klage er tre veker frå du mottok informasjon om vedtaket. Tidspunktet vil gjelde sjølv om du var bortreist eller av andre grunnar ikkje fikk lest vedtaket.
  • Har du ikkje fått vedtaket i hende, er fristen tre veker frå du vart kjend med eller burde ha skaffa deg kjennskap om vedtaket.
  • For planvedtak som vert offentleg kunngjort, må du klage seinast tre veker etter kunngjeringsdagen.
  • Dersom du sender inn ein foreløpig klage innan fristen, kan du gje grunngjeving seinare (likevel utan ugrunna opphald).
  • Klagen må vere sendt til oss før fristen går ut.

Sjølv om du sender inn klagen for seint, kan vi i enkelte tilfelle etter ei konkret vurdering handsame klagen. Du må då gjere rede for kvifor du har sendt inn klagen for seint eller om det det ligg føre særlege grunnar for at klagen skal handsamast.

Slik klagar du

Klagen må være skriftleg og levert til oss som eit vanlig brev eller e-post.
Vi har ikkje eige skjema om klage.

For å handsame klagen, treng vi følgjande:

  • Skriv at det er ein klage.
  • Skriv kva vedtak du klagar på, til dømes saksnummer eller namn på saka det gjeld.
  • Skriv kva for tilhøve du har til saka, til dømes at du er nabo eller næringsdrivande i området.
  • Grunngjev kvifor du klagar og skriv tydeleg kvifor du ønskjer vedtaket endra.
  • Viss du har ny informasjon som ikkje er omtalt i saka, er det viktig at du sender oss denne.
  • Klagen må være underskrive av deg eller din fullmektig, til dømes advokat.
  • Viss du ber om at tiltaket vert stoppa til klagen er avgjort, må du leggje ved ei eiga grunngjeving for dette (utsett iverksetting av vedtak).
  • Ta kontakt med innbyggjarservice om du har spørsmål eller behov for rettleiing.

Send klagen på e-post til post@alver.kommune.no eller per post til:

  • Alver kommune
    Postboks 4
    5906 Frekhaug
Kva skjer vidare?
  • Viss det er andre partar i saka, vert klagen oversendt desse for uttale før klagen tas til handsaming.
  • Kommunen skal gjere førebuande klagehandsaming for å sjå om det er opplysningar i klagen som tilseier at kommunen vil omgjere sitt vedtak.
  • Dersom kommunen tek klagen til følgje, vert vedtaket omgjort og det fattast eit nytt vedtak. Det nye vedtaket vil igjen kunne påklagast av partar eller dei som har «rettsleg klageinteresse».
  • Dersom kommunen opprettheld sitt vedtak, vert klagesaken sendt til klageinstans (Statsforvaltaren/klagenemnda) for endeleg handsaming. Du vert orientert om utfallet av kommunen si behandling.
  • Statsforvaltaren si avgjerd er endeleg og kan ikkje påklagast. Du får vedtaket tilsendt direkte frå Statsforvaltaren.
Utsett iverksetjing

Sjølv om eit vedtak er påklaga, kan tiltakshavar iverksetje vedtaket (slik at byggjearbeid kan setjast i gang). Den som klagar kan samstundes be om at vedtaket ikkje skal setjast i gang før etter at klagen er endeleg avgjort, jf. forvaltningsloven § 42. Kommunen må ta stilling til førespurnaden om utsett iverksetjing. Du kan ikkje klage på kommunen si avgjerd, men du kan fremje førespurnaden om utsett iverksetjing direkte til Statsforvaltaren.

Kva kostar det? 

Det er ikkje gebyr for handsaming av klagar.
Gebyr for vedtak må betalast uavhengig av om vedtaket vert klaga på. 

I enkelte tilfelle kan du ha krav på å få dekka saksomkostningar ved klage.

Kva seier lova?

Sist oppdatert: 08.09.2021
Publisert: 05.10.2018