HeimNatur, kultur og fritidTilskotsordningar

Tilskotsordningar

Kulturmidlar

Dei kommunale kulturmidlane har som målsetjing å styrkje fellesskap og livskvalitet i lokalmiljøet. Gjennom støtte til det lokale kulturlivet ønskjer vi å stimulere til utvikling av nye idear, samarbeid og eit aktivt kulturliv med mangfald. Vi ønskjer også å gje alle høve til å oppleve kunst og kultur.

Slik søkjer du

Bruk søknadsskjemaet for kulturmidlar når du søkjer om støtte.

Ver merksam på følgjande:

  1. Les retningslinjene her før du skriv søknaden. 
  2. Sjekk at du har fått med riktig kontonummer og fullstendig adresse på kontaktperson.
  3. Bruk litt tid på skildring av tiltaka du ønskjer støtte til.
  4. Søknadar utan rekneskap, budsjett og medlemstal kan bli avslått. 

Kva får du?

Kulturmidlar er meint som eit tilskot for å få realisert drift, prosjekt, aktivitet og/eller investeringar i laget. Kulturmidlar skal ikkje vere den einaste inntektskjelda for tiltaket.

Krav til søkjar

Vi prioriterer aktivitet og samarbeidsprosjekt som rettar seg mot eller inkluderer:

  • Menneske med nedsett funksjonsevne
  • Barn og ungdom
  • Flyktningar og innvandrarar
  • Eldre

Vi set også krav til at dei frivillige laga og organisasjonane som søkjer støtte, har ein minimumskontingent for vaksne på 100 kroner og unge på 50 kroner.

Søknadsfristar

  • Driftstilskot: 15. mars
  • Aktivitets- og prosjekttilskot: 15. mars og 1. september
  • Investeringstilskot: 15. mars

Kva skjer vidare?

Når du søkjer støtte frå kulturmidlane, vil rådmannen fremje eit forslag til levekårsutvalet. Det er politikarane i levekårsutvalet som gjer det endelege vedtaket. Handsaming av søknaden din kan ta omlag to månader.

Treng du hjelp?

Ta kontakt med kulturkonsulent Eileen M. Feste:

Tilskuddsportalen

Vi tilbyr lag og organisasjonar ei teneste som heiter "Tilskuddsportalen". Dette er ein portal, der du kan få oversikt over ulike ordningar for tilskot til laget ditt.

Kva får du?

Det finst meir enn 1500 ulike ordningar du kan søkje på. Tilskuddsportalen hjelper deg til å halde oversikt, og følgje med på søknadsfristar for dei ordningane som er aktuelle for deg.

Informasjonen blir samla inn, sortert og presentert i et kvalitetskontrollert system. Avansert teknologi saman med manuell kontroll sikrar optimal kvalitet på informasjonen.

Kva kostar det?

Det er gratis!

Fordelar:

  • Systemet ajourfører kunnskap - bli mindre avhengig av einskildpersonar.
  • Få betre oversikt og kontroll.
  • Bruk mindre arbeidstid på å leite.
  • Betre tid til å planleggje.
  • Meir tid til å leggje kvalitet i arbeidet.
  • Meir tid til å jobbe med idear.
  • Betre service til kommunen sine lag og foreiningar.

Slik får du tilgang:

Ta kontakt med Frivilligsentralen, og be om å bli invitert inn i Tilskuddsportalen. Kontaktinformasjon finn du under.

Krav til søkjar

Laget ditt må ha ei adresse i Lindås og eit organisasjonsnummer for å få tilgang til portalen.

Trykk her for å gå til frivilligregisteret. Der kan du sjekke om laget ditt er registrert i Lindås kommune.

Treng du hjelp til å registrere laget ditt? Ta kontakt med Frivilligsentralen vår.

Kontakt oss:

Frivilligsentralen i Lindås 

Per Ole Ekke


Sist oppdatert: 13.11.2018
Publisert: 31.08.2018