Kulturskulen

Lindås kulturskule gir tilpassa undervisning til barn og unge i kommunen. Hovudbasen ligg vis a vis rådhuset i Knarvik, men undervisninga skjer også i Alversund, på Ostereidet og Lindås.

Kontaktinformasjon

Besøksadresse

Kvernhusmyrane 43, 5914 Isdalstø

Kontakt kulturskulen

Arild B. Nilsen, kulturskulerektor
Telefon: 56 37 54 19 eller 958 00 739
E-post: kulturskulen@lindas.kommune.no

Glenn Sørskår
Telefon: 56 37 54 20 eller 905 18 821
Glenn.sorskar@lindas.kommune.no

Kontakt lærarar og dirigentar

Namn på lærarMobilE-post
Anne Reidun Duesund 908 88 034 anne-due@online.no
Benny Mortensen 952 06 603 lisben@online.no
Bjørn Bergmann 908 90 307 bjorn.bergmann@bkkfiber.no
Birgitte Noack Prestesæter 918 83 779 birgittenoack@hotmail.com
Else Iren Westervik 952 26 595 elseiwest@hotmail.com
Glenn Sørskår 905 18 821 Glenn.sorskar@lindas.kommune.no
Hanne Jevanord Müftüoglu 917 50 586 hannejev@broadpark.no
Helge Stokke 980 62 251 helgestokke@hotmail.com
Johan Modal Leiva 938 90 287 johanml@broadpark.no
Kirsti Birkelid 975 00 858 kirbi13@hotmail.com
Kjersti Wiik 926 63 920 post@kjerstiwiik.no
Ljubov Østerberg 458 70 076 ljubov.osterberg@gmail.com
Marta Rostecka 966 96 516 rostecka.marta@gmail.com
Siren Vaage 971 77 434 siren.vaage1@gmail.com
Siv Brundtland Eide 977 97 708 siv.brundtland@lindas.kommune.no
Tor Helge Opdahl 450 66 845 toropdahl@gmail.com
Namn på dirigentMobilE-post
Glenn Sørskår 905 18 821 gsoerskaar@yahoo.com
Gro Sundal 905 47 740 gro.sundal@bkkfiber.no
Henning Anundsen 926 24 339 h-anund@frisurf.no
Jannicke Eide Ellingsen 416 50 078 jannicke.ellingsen@gmail.com
Stefan Cooper   stefancooper@gmail.com

Våre tilbod

Song for 1.-4. klasse

Kva får du?

Her lærer du å bruke stemma, jobbe med intonasjon, pust, haldning og får forståing for song som eit instrument. Her skal du bli glad i «den gode melodien», kjenne på felles oppleving i samklang og lære om ulike sjangrar.

Vi jobbar med enkle songar for å lære å bruke stemma åleine, og saman med andre. I «song frå 5 klasse» ønskjer vi å førebu elevane til individuell undervisning.

Undervisninga skjer like gjerne i grupper som solo.

Kvar og når?

  • Kulturskulebygget i Knarvik (måndagar)
  • Lindås barneskule (onsdagar)
  • Ostereidet, SFO-bygget (torsdagar)

Kven underviser dette tilbodet?

Song frå 5. klasse

Kva får du?

Her lærer du å vidareutvikle stemma og tekniske songferdigheitar innan ulike sjangrar. Du vil også jobbe med å utvikle kreativitet og sjølvstende, lære om stemmefysiologi, jobbe med pust og klang, trene på gehør, mikrofonteknikk og haldning. I "Song frå 5. klasse" skal du bli glad i å syngje, og få forståing for faget song.

Undervisninga skjer solo og i grupper eller kor. Det å syngje i kor er ein sentral del av undervisninga av det å kunne syngje fleirstemt, og er ofte brukt i konsertar og kulturskuleprosjekt.

Kvar og når?

  • Kulturskulebygget i Knarvik (måndagar)
  • Lindås Barneskule (onsdagar)
  • Ostereidet SFO bygget (torsdagar)

Kven underviser dette tilbodet?

Kor for 6.-10. klasse

Kva får du?

Her lærer du å bruke stemma i lag med andre. Vi syngjer fleirstemt, jobbar med intonasjon, haldning og forståing for korsong. Du får kjenne på samklang og samspel med andre - både musikalsk og sosialt.

I koret skal du syngje og lære om ulike musikksjangrar, saman med andre instrument og orkester.

Undervisninga skjer i grupper - heile koret eller stemmegrupper.

Kvar og når?

  • Kulturskulebygget i Knarvik (måndagar)

Kven underviser dette tilbodet?

Slagverk – melodisk

Kven kan søkje på dette tilbodet?

Tilbodet er for alle barn og unge frå 6 til 20 år.

Kva får du?

Dei melodiske slagverkinstrumenta er klokkespel, xylofon, marimba, vibrafon, røyrklokker og paukar. Her får du lære om notar, skalaer, harmoniar, melodiar og akkordar.

Du får også litt undervisning i rytmisk trommespel.

Undervisninga skjer éin til éin, eller i mindre grupper.

Kvar og når?

  • Kulturskulebygget i Knarvik (tysdagar)

Kven underviser dette tilbodet?

Slagverk – rytmisk

Kven kan søkje på dette tilbodet?

Tilbodet er for alle barn og unge frå 6 til 20 år.

Kva får du?

Rytmisk slagverk består av alle slaginstrument utan forankring i tonal skala, til dømes trommesett, skarptromme, cymbal, congas, bongo og perkusjonsinstrument.

Undervisninga skjer solo eller i mindre grupper. Du startar gjerne med trommesett, trenar teknikk på skarptromme og leikar litt med conga eller jambe. Vidare lærer du notar, ulike rytmar, taktartar og stilartar som pop, rock, blues og jazz. Her er alt lov - så lenge det er rytmisk og gir musikalsk utvikling.

Du får også litt undervisning i melodispel på melodisk slagverk, og samspel.

Det er diverre ei lita venteliste på slagverk.

Du må ha instrument å øve på heime.

Kvar og når?

  • Kulturskulebygget i Knarvik (tysdagar)

Kven underviser dette tilbodet?

Gitar – med nylonstrenger

Kven kan søkje på dette tilbodet?

Tilbodet er for alle barn og unge frå 8 til 20 år.

Kva får du?

Akustisk gitar med nylonstrengar er instrumentet både for nybegynnarar og vidarekomne. Her lærer du å bli kjend med høgre- og venstrehandsteknikk. Du får lære melodispel etter notar, og tabulatur og stemming av gitaren. Vi jobbar med akkordar og grep, ulike fingerspel og rytmefigurar du kan bruke til å akkopagnere song eller band.

Etter å ha spelt nokre år, kan du skifte til elgitar eller akustisk gitar med stålstrengar – alt etter kva sjanger du ønskjer å jobbe vidare med.

Undervisninga skjer solo og i gruppe. Når vi jobbar med prosjekt, kan samspel med fleire gitarar, andre instrument og songarar vere ein del av undervisninga.

Eleven bør ha eigen gitar. Du kan leige akustisk gitar av kulturskulen så lenge lageret rekk.

Der er litt ventetid på gitar.

Kvar?

  • Kulturskulebygget i Knarvik (onsdagar og torsdagar)
  • Ostereidet barneskule, SFO-bygget (måndagar)

Kven underviser dette tilbodet?

Gitar – bass

Kven kan søkje på dette tilbodet?

Tilbodet er for alle barn og unge frå 9 til 20 år.

Kva får du?

Har du lyst til å lære å spele bassgitar? Då er du kvalifisert. Tilbodet er ope for deg, anten du er nybegynnar eller har spelt ei stund.

Her lærer du enkle bassgangar, og korleis du skal lage dine eigne. Du lærer notar, besifring, oppbygging av akkordar og ulike sjangrar, som pop, rock, vise og blues.

Bassisten er grunnsteinen i eit kvart band. Du vil derfor få moglegheit til samspel på ulike prosjekt og konsertar i kulturskulen, etter kvart som du utviklar deg på bassgitaren.

Undervisninga skjer solo eller i mindre grupper.

Det er ei lita venteliste på el-bass.

Vi leiger ut instrument og bassforsterkar – så langt lageret rekk.

Kvar?

  • Kulturskulebygget i Knarvik (måndagar, onsdagar og torsdagar)

Kven underviser dette tilbodet?

Gitar – elgitar

Kven kan søkje på dette tilbodet?

Tilbodet er for elevar frå 9 til 20 år.

Du må ha spelt akustisk gitar på kulturskulen, eller kunne litt gitar frå før, for å melde deg på dette tilbodet.

Kva får du?

Her lærer du meir melodispel, fleire gitarriff, solo og rytmespel. Du blir også betre på notar og soloimprovisasjon for nybegynnarar og vidarekomne.

Undervisninga skjer solo eller i mindre grupper.

Du bør ha eigen elgitar. Vi leiger ut instrument og gitarforsterkar, så langt lageret rekk.

Det er litt ventetid på elgitar.

Kvar?

  • Kulturskulebygget i Knarvik (onsdagar og torsdagar)

Kven underviser dette tilbodet?

Fløyte

Kven kan søkje på dette tilbodet?

Tilbodet er for alle barn og unge frå 6 til 20 år.

Kva får du?

Tverrfløyte er eit blåseinstrument i treblåsarfamilien. Her lærer du tonedanning, pusteteknikk, riktig fingerstilling og klang. Du får også ei innføring i notar, rytme, skalaer og melodispel i ulike sjangrar.

Samspel og konsertar er ein del av undervisninga. Undervisninga skjer solo eller i mindre gruppe

Du bør ha di eiga fløyte, men du kan leige fløyte av kulturskulen, så lenge lageret rekk.

Kvar?

  • Kulturskulebygget i Knarvik (torsdagar)

Kven underviser dette tilbodet?

Fiolin

Kven kan søkje på dette tilbodet?

Alle barn og unge frå 6 til 20 år.

Kva får du?

Her lærer du å bli kjent med instrumentet. Du får innføring i melodispel, notar og rytme. Du lærer også å trene gehør, stemme instrumentet, intonasjon, klang og bogebruk.

Konsertar og små framføringar er ein del av det å vere elev ved kulturskulen, og er svært viktig i utviklinga av alle som spelar eit strykeinstrument. Når du er moden for det, får du tilbod om å delta fast i samspelgrupper/orkester. Samspel står sentralt og er ein del av undervisninga.

Undervisninga skjer solo og i grupper.

Du får leige fiolin på kulturskulen. Vi har ulike storleikar - frå 1/8 til 1/1 fiolin, med boge og kasse.

Kvar og når?

  • Kulturskulebygget i Knarvik (måndagar, tysdagar, onsdagar og torsdagar)

Kven underviser dette tilbodet?

Bratsj

Kven kan søkje på dette tilbodet?

Tilbodet er for alle barn og unge frå 6 til 20 år.

Kva får du?

Bratsj er storebroren til fiolinen. Du kan lære deg å spele bratsj frå 1. klasse, eller skifte til bratsj etter å ha spelt fiolin ei stund. Vi anbefaler det siste!

Samspel står sentralt i undervisninga. Bratsj er eit viktig instrument i strykeorkestra.

Vi leiger ut bratsjar i ulike storleikar.

Kvar?

  • Kulturskulebygget i Knarvik (tysdagar, onsdagar og torsdagar)

Kven underviser dette tilbodet?

Cello for nybegynnarar

Kven kan søkje på dette tilbodet?

Alle barn og unge frå 6 til 20 år.

Kva får du?

Celloen er større enn bratsjen, men mindre enn kontrabassen.

Vi gir berre opplæring til nybegynnarar på dette instrumentet.

Her lærer du det same som ein nybegynnar på fiolin eller bratsj.

I dag har vi ingen lærar som kan føre deg vidare frå nybegynnarstadiet. Difor må du rekne med å reise til Bergen for vidare opplæring.

Undervisninga skjer solo og i gruppe. Samspel står sentralt i strykeundervisninga. Cello er eit viktig instrument i strykeorkesteret.

Vi leiger ut celloar – så langt lageret rekk.

Kvar?

  • Kulturskulebygget i Knarvik – måndagar, tysdagar, onsdagar og torsdagar

Kven underviser dette tilbodet?

Piano

Kven kan søkje på dette tilbodet?

Alle barn og unge frå 6 til 20 år.

Kva får du?

Piano er eit allsidig instrument, og passar til musikk i mange ulike sjangrar – klassisk, pop, jazz, vise, rock og anna underhaldningsmusikk. Du kan spele åleine og ilag med andre på det same pianoet. Du kan også spele saman med fleire piano, andre instrument, ein vokalist eller eit band.

Her får du innføring i melodispel, notelære, speling med bass- og diskant nykle, rytmar, handstilling, fingerplassering, utvikle tekniske ferdigheiter og noko besifring.

Undervisninga er lagt opp på eit klassisk grunnlag, og skjer solo eller i gruppe.

Du kan få leige instrument av kulturskulen, så langt lageret rekk. Du må ha instrument heime for å kunne søkje på dette tilbodet. Lurer du på kva instrument du treng heime? Vi anbefaler eit akustisk piano eller elpiano med veide tangentar.

Kvar?

  • Kulturskulebygget i Knarvik (måndagar, tysdagar, onsdagar og torsdagar)
  • Alversund skule (måndagar og onsdagar)
  • Lindås barneskule (onsdagar)
  • Ostereidet, SFO-bygget (måndagar)

Kven underviser dette tilbodet?

Kyrkjeorgel

Kven kan søkje på dette tilbodet?

Elevar frå 6. klasse og oppover. Kyrkjeorgel er for vidarekomne på piano.

Kva får du?

Her lærer du å spele på to manualar og med beina, samstundes. Du lærer å spele enkle melodiar og stykke med bass- og diskantnykle. Du lærer å bli kjend med alle piper og klangar i eit orgel, og korleis du bruker desse i ulike stykke.

Kvar?

  • Kulturskulebygget i Knarvik og i kyrkje.
  • Kulturskulen kan hjelpe til med å finne og avtale tid for øvingsstad i kyrkje.

Kven underviser dette tilbodet?

Trekkspel

Kven kan søkje på dette tilbodet?

Alle barn og unge frå 6 til 20 år.

Kva får du?

Trekkspel, eller «akkordeon», er eit allsidig instrument, og blir brukt i mange ulike sjangrar. Folkemusikk, gamaldans, viser, jazz, danseband, popband og klassisk musikk er eksemepel på slike sjangrar. Kulturskulen underviser på knappetrekkspel svensk system, men undervisninga er open for andre system og instrument, som pianotrekkspel.

Her lærer du spele etter notar og gehør, og du får innføring i ulike rytmar, melodibass, akkordar.

Undervisninga skjer i gruppe eller solo .

Det er kort venteliste på trekkspel. Du kan få leige instrument av kulturskulen.

Kvar?

  • Kulturskulebygget i Knarvik (måndagar)

Kven underviser dette tilbodet?

Musikkterapi – band på Ostereidet

Kven kan søkje på dette tilbodet?

Dette er eit tilbod for ungdom og vaksne med psykisk funksjonshemming.

Kva får du?

Undervisninga blir leia av ein musikkterapeut. Her lærer vi å spele og synge i lag i band. Du får opplæring på instrument, og jobbar med ulike tilrettelagde musikkaktivitetar i band.

Undervisninga skjer berre i gruppe.

Kulturskulen gir dette tilbodet i samarbeid med «Eining for funksjonshemming».

Kvar?

  • Ostereidet barneskule, SFO-bygget (måndagar)

Kven underviser dette tilbodet?

Musikkterapi – individuell

Kven kan søkje på dette tilbodet?

Dette er eit tilbod til barn, ungdom og vaksne med spesielle behov.

Her kan foreldre, skular og andre søke om timar.

Kva får du?

Musikkterapeuten nyttar tilrettelagde musikkaktiviteter, slik at den enkelte får moglegheit til å utvikle sine ressursar.

Målet er å skape positiv forandring, og bidra til betre helse. Behova til den einskilde står i fokus. Vi ønskjer å få til eit samspel der eleven sjølv er aktiv deltakar - med utgangspunkt i dei ressursane og dei sterke sidene eleven har.

Her vil musikkterapeuten nytte seg av musikalske teknikkar som improvisasjon, samspel, song, låtskriving, opplæring på instrument og ulike tilrettelagde musikkaktivitetar.

Musikkterapien kan skje individuelt eller i gruppe.

Kvar?

  • Vi gir dette tilbodet i kulturskulen sine lokalar, eller på skulen eller barnehagen til eleven - om vi klarer å organisere det slik.

Kven underviser dette tilbodet?

Samspel for elevar med særskilte behov

Kven kan søkje på dette tilbodet?

Dette er eit tilbod til barn, ungdom og vaksne med psykisk funksjonshemming.

Kva får du?

Her lærer du å spele i lag på ulike instrument, song, improvisasjon, samspel og ulike tilrettelagde musikkaktivitetar.

Vi introduserer elevane for melodiar og songar tilpassa kvar enkelt sitt nivå.

Målet er å ha det kjekt og jobbe mot felles mål, som eigne konsertar og andre tilstellingar i kommunen.

Læraren vår har lang erfaring med slik undervisning, og lagar grupper med dei som fungerer best saman.

Kvar?

  • Læringssenteret i Knarvik (onsdagar og torsdagar)

Kven underviser dette tilbodet?

Dans i gruppe

Kven kan søkje på dette tilbodet?

Alle barn og unge frå 6 til 20 år.

Kva får du?

I dans er kroppen instrumentet. Gjennom dansen utviklar du koordinasjon, kreativitet, styrke, rørsle og musikalitet.

Vi legg vekt på koordinering og innlæring av klassisk ballett, showdans og moderne, samt kreativ dans og improvisasjon. Desse dansetypane gir deg stor variasjon i stil og musikk, og er eit godt grunnlag for utvikling av bevegelse og dans. 

Dans er ein scenisk kunstart. Arbeid med førestillingar er ein naturleg del av opplegget på kulturskulen.

Undervisninga skjer dels i grupper etter alder/klasse og nokre gonger etter nivå.

Kvar og når?

  • Læringssenteret i Knarvik (onsdagar)

For tida er timedelinga slik:

  • Starttidspunkt for gruppe 1: Klokka 17.00–18.00 
  • Starttidspunkt for gruppe 3: Klokka 18.00–19.00
  • Starttidspunkt for gruppe 2: Klokka 19.00–20.00 

Undervisninga varar i 60 minutt.

Kven underviser dette tilbodet?

Drama og teater i gruppe

Kven kan søkje på dette tilbodet?

Alle barn og unge frå 6 til 20 år.

Kva får du?

Dette er eit tilbod til born og ungdom som har interesse for drama og teaterspel, og som likar å stå på ei scene.

Her får du trene på ulike formar for uttrykk, improvisasjon og delta i rollespel i grupper og åleine.

I samband med førestillingar og oppsettingar, må du rekne med å øve meir intensivt – også utanom dei faste møtetidene. Stabilitet er heilt avgjerande for gruppa, så her er det møteplikt.

Kvar?

  • Kulturskulebygget i Knarvik (onsdagar)

Kven underviser dette tilbodet?

Visuelle kunstfag i gruppe

Kven kan søkje på dette tilbodet?

Dette er eit tilbod for elevar frå 6 til 20 år.

Kva får du?

Undervisninga skjer i aldersbestemte grupper. Elevane får 90 minutt undervisning kvar veke.

I undervisninga legg vi vekt på å utvikle kreativitet og eit sjølvstendig uttrykk. Vi gir også innføring i ulike materiale og teknikkar.

Gleda og energien i det å skape og eksperimentere står sentralt i undervisninga.

I periodar kan det vere aktuelt å samarbeide med elevar frå andre avdelingar i kulturskulen, om ei felles utstilling.

Kvar?

  • Kulturskulebygget i Knarvik (måndagar)

Gruppe 1 består av elevar til og med 5. klasse.

For tida er timedelinga slik:

  • Undervisningstid gruppe 1: Klokka 16.30–18.00
  • Undervisningstid gruppe 2: Klokka 18.00–19.30

Kven underviser dette tilbodet?

Dirigentar til kor/korps vaksenlag (kostpris)

Slik søkjer du

Kulturskulen har sitt eige, nettbaserte system for søkjarar. Alle søkjarar får brukarnamn og passord til si eiga side i systemet. Dette gjeld også for dei som hamnar på venteliste.

Før du opnar søknadsskjemaet, kan du merkje deg at:

  • Du må fylle ut søknadsskjemaet saman med mamma, pappa eller ein føresett.
  • Du må ha personnummeret til både eleven og den føresette for handa.
  • Familiemoderasjonen slår berre inn når ein og same føresett er betalar for alle i familien.
  • Alle elevar ved kulturskulen får halde på plassen ved ny sesong, men dette skjer ikkje automatisk. For kvart skuleår må foreldre og føresette logge seg inn og re-registrere plassen. Dette betyr at du aktivt må stadfeste at du vil halde på plassen din.
  • Når du re-registrerer søknaden din er fødselsdato til eleven brukarnamn. Passord har du fått på e-post. Har du gløymt passordet? Trykk på "gløymt passord" for å få tilsendt eit nytt.
  • Alle som søkjer, kjem automatisk på venteliste. Du som står på venteliste, må også re-registrere søknaden din.
  • All kommunikasjon i det elektroniske søknadssystemet vårt, skjer på e-post og tekstmelding.
  • Hovudopptaket til nytt skuleår skjer i mai/juni kvart år.

Søkjer du for første gong? (søknadsfrist heile året)

Trykk her for å registrere søknaden din.

Kva kostar det?

Per år

  • Ordinær elevkontingent: 3.126 kr
  • Undervisning i grupper: 3.126 kr
  • Leige av instrument/forsterkar: 600 kr

Per semester

  • Ordinær elevkontingent: 1.563 kr
  • Undervisning i grupper: 1.563 kr
  • Leige av instrument/forsterkar: 300 kr

Familiemoderasjon

Nummer to, tre osv. i familien, får 25 % moderasjon på kontingenten.

OBS: Familiemoderasjonen slår først automatisk inn når ein og same føresett søkjer, og er betalar for alle i familien.

Påmelding

Påmeldinga er bindande. Du får ei rekning i posten per semester.
Har du re-registrert søknaden din og veljer å ikkje møte, må du betale for heile semesteret.

Krav til søkjar

Er eg gamal nok?

Kulturskulen er eit tilbod til born og unge i alderen 6 til 20 år.

6-åringane må ha starta i 1. klasse.

Barn, unge og vaksne med særskilte behov, er det inga aldersgrense for. 

Kan eg få fleire tilbod?

Det er i utgangspunktet berre mogleg å få eitt tilbod på kulturskulen. Unntaket er dans, drama og teater og visuelle kunstfag. Går du på eitt av desse tre kursa, kan du søkje om å få tilbod på eit instrument i tillegg.

Må eg ha instrument?

Vi ventar at elevar som skal lære å spele eit instrument, skaffar seg eitt sjølv, eller leiger dette av kulturskulen.

Får eg fortsetje?

Ja, normalt får alle som har starta på eit tilbod halde fram, men alle som ønskjer å fortsetje på kulturskulen må re-registrere søknaden sin. Kva dette inneber og korleis du gjer dette, kan du lese meir om under "Slik søkjer du".

Reregistrering

Har du plass på kulturskulen, og ønskjer å fortsetje? (Sjå fristar for re-registrering og utmelding)

Trykk her for å re-registrere søknaden din på nytt.

Utmelding

All utmelding må skje skriftleg på e-post eller per brev til kulturskulen. Munnleg melding til lærar er ikkje gyldig. Utmeldinga er registrert når du har fått skriftleg tilbakemelding frå kulturskulen.

NB: Utmeldingar som kjem inn etter fristen, vil bli fakturerte som nytt påbegynt semester.

Fristar for re-registrering og utmelding

1. november: Søknad om utmelding for vårsemester må sendast på e-post til kulturskulen@lindas.kommune.no innan 1.nov. Søknader som kjem inn etter dette vert ikkje godkjente, og fritar ikkje for kontingentkrav for vårhalvåret.

1. april: Re-registrering og utmelding for hausttilbodet. Dette kan du gjere via re-registrering på Speedadmin. Vi opnar for re-registrering 1. mars.

Nye elevar – oppseiing

Nye elevar som ikkje finn seg til rette med undervisninga, må ta dette opp med læraren. Det gjeld både elevar som er førstegangsregistrerte/elevar som ikkje går på kulturskulen frå før. 

Vil du likevel trekkje deg etter oppstart, må du sende oppseiing til kulturskulen innan 31.august, elles blir du fakturert for heile hausthalvåret.

Oppseiing må skje direkte til kulturskuleadministrasjonen på e-post: kulturskulen@lindas.kommune.no.

Permisjon

Ein elev kan søkje om permisjon på følgjande grunnlag:

  • Hvis eleven og/eller familien midlertidig flyttar ut av kommunen (f.eks. grunna studieopphald, jobb).
  • Ved langvarig sjukdom.

Søknad må sendast på e-post til kulturskulen.

Dei som får innvilga permisjon blir sett på venteliste og har fyrsteprioritet ved nytt elevopptak.

Refusjon

Du kan søkje om, og har krav på, refusjon om kulturskulen ikkje klarar å skaffe vikar, og du mister meir enn fire undervisningsdagar per halvår.

Du må ikkje betale for resten av semesteret, om du flyttar til utlandet eller ein annan kommune.

Tap av elevplass

Kulturskulen kan seie opp elevplassen dersom eleven:

  • Gjentekne ganger har ugyldig fråvær.
  • Ikkje viser tilstrekkeleg interesse og eigeninnsats.
  • Viser åtferd som er til hinder for undervisinga.
  • Ved manglande innbetaling av eigenandel.

Skulen følgjer ein felles prosedyre for alle slike sakar.

Reglement

Vi følgjer skuleruta, og legg opp til minimum 37 veker med undervisning.

Når det gjeld undervisningstid, er hovudregelen at:

  • Ein elev skal ikkje ha mindre enn 20 minutt undervisning per veke.
  • To elevar skal ikkje ha mindre enn 30 minutt undervisning per veke.
  • Tre eller fleire elevar skal ikkje ha mindre enn 40 minutt undervisning per veke.
  • For dans, drama og teater og visuelle kunstfag, gjeld eigne reglar. Denne undervisninga varierar i lengde, og skjer i faste grupper.

Rammeplan for kulturskulen

Trykk her for å laste ned og lese i Norsk kulturskoleråd sin rammeplan for kultuskulen.


Sist oppdatert: 27.11.2018
Publisert: 20.08.2018